Selje-ordførar Stein Robert Osdal er frustrert over at Sparebanken Vest og alle andre som vil legge ned i distrikta bruker same argumentasjon: Betre inntening, robuste einingar, fagmiljø og digitalisering.

Tysdag blei det kjendt at Sparebanken Vest vil legge ned ni kontor i distrikta. Deriblant Selje-filialen med fem tilsette.

Det kom ikkje heilt som ei overrasking på ordføraren.

– Nei, det har vore signalisert frå banken si side overfor meg, og eg har også vore i eit møte med dei, seier Osdal.

– Men kanskje meir overraskande for folk i Selje?

– Ja, det er det. Og eg blei jo overraska sjølv då banken tok kontakt med meg. Men det som er frustrerande er at dei bruker same argumentasjon som alle andre. Det handlar om å betre inntening, få robuste einingar og større fagmiljø. Akkurat same argument fylkesdirektør for tannhelsetenesta Clara Øberg brukar for å legge ned tannlegekontoret, seier Osdal.

Tenke nytt

Ordføraren har derfor utfordra banken til å tenke nytt.

– Eg vil ha dei ut av sentraliseringsboksen, og heller få dei til å tenke at dei kan tilføre distrikta noko. Kvifor kan dei ikkje ta arbeidsplassar frå sentrale strok og flytte dei til distrikta?

– Bruke eige digitaliseringsargument mot dei?

– Ja, nettopp. Vi har jo allereie eit unikt eksempel med Paneda som servar alle bakkestasjonar i heile landet frå Selje. Det er fullt mogleg å tenke annleis enn alle andre som skal omorganisere gjer, seier Osdal, og legg til:

– Sparebanken Vest er ein bank for distrikta. Dei burde bygge opp under den identiteten, elles blir dei berre ein bank som alle andre bankar.

Vil følgje opp

Osdal slepp ikkje denne saka.

– Eg kjem til å halde dialogen med banken. Og til deira fordel har dei signalisert at dei vil vere tungt til stades i Selje kapitalmessig og på bedriftsmarknaden. Og det set vi sjølvsagt pris på, for vi treng ein finansiell aktør som er til stades.

Når det er sagt, trur han likevel påverknaden dei kan ha i dette spørsmålet er liten.

– Dette er ein prosess som dei styrer 100 prosent sjølve, og det må ein ha respekt for. Så som sunnmøring tenker eg at vi får brette opp ermene og vere endå meir kreative for å skape vekst i Selje. Vi må skaffe den sjølv. Det er ingen andre som gjer det for oss, avsluttar Osdal.