Dette vart samrøystes vedteke då generalforsamlinga møttest i Måløy i dag.

Eit utval beståande av Sindre H. Kvalheim og Einar Rune Sætren frå næringslivet i Vågsøy, Olav Steimler frå næringslivet i Selje, John Olav Lefdal frå næringslivet på Eid, og dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi Paulsen Humborstad, arbeidde frå juni av med korleis ein skulle organisere vekstselskapet i framtida.

Styret i Nordfjord Vekst valde i midten av august å ta forslaget til etterretning, og kalla inn til ei generalforsamling i dag.

I tillegg til å vedta avviklinga vart det sette ned eit avviklingsstyre. Dette består av Kristian Skibenes, Randi Paulsen Humborstad og Jan Vidar Smenes. Olav Steimler og Kristin Maurstad er valt til vara.

Du kan lese meir om saka i Fjordenes Tidende fredag.