Det kjem fram i rapporten Utgreiing av kystkommune i området Flora, Bremanger og Vågsøy som vart presentert fredag.

Bryggja-området omfattar 9 prosent av innbyggjarane i Vågsøy og 32,2 av fastlandsarealet kjem det fram i rapporten.

– Det er små forskjellar i reisetid frå Bryggja til kommunesentra i Vågsøy, Selje og Eid. Det tek 10-12 minuttar lenger å reise til Selje og Eid enn til Måløy. Tilgjenge til andre kommunale tenester vert ikkje vesentleg endra for innbyggjarane på Bryggja om dei blir ein del av nye Stad kommune.

Telemarksforsking viser til den nyleg gjennomførte innbyggjarundersøkelsen kor det kom fram at Eid er den viktigaste utpendlingskommuna for innbyggarane på Bryggja.

– Mange handlar og arbeider i Eid, og fleire har fastlege der. Dersom Bryggja blir en del av nye Stad kommune, vil 46 prosent av dei sysselsette ha sin arbeidsplass i denne kommunen. Dersom Bryggja blir ein del av Kinn, vil 54 prosent av innbyggjarane har sin arbeidsplass i den kommunen, medan pendlinga til både Flora og Bremanger er tilnærma lik null. Dette syner at interaksjonen med nye Stad kommune som heilskap er mykje større enn for Kinn, skriv Telemarksforsking.

– Slik sett er det ikkje unaturleg at innbyggjarane på Bryggja heller vil vera ein del av Stad kommune enn nye Kinn. Dei vil heller vera midtpunkt i ein kommune dei har fellesinteresser og interaksjon med, enn å føle seg som ein utkant i ein storkommune dei har mindre tilknyting til.

Telemarksforsking meiner at det sett frå Selje og Eid kommunar sin ståstad ser ein ikkje noko ulemper ved at Bryggja blir med i Stad, snarare tvert om.

– Det er fleire fordelar knytt til å få ein geografisk samanhengande kommune. Sett frå Vågsøy kommune si side vil det vera ulemper knytt at ein mistar innbyggjarar og dermed inntekter. Det vil innebere at ein del av den kommunale verksemda må tilpassast til eit lågare inntektsnivå, samtidig som nokre av omsorgsplassane ein har på Bryggja må erstattast.

– Dersom Bryggja blir ein del av Stad kommune framfor å bli med i Kinn kommune, vil innbyggjarane ut frå ekspertutvalets kriterier bli ein del av ein meir funksjonell og integrert kommune med kortare avstandar samanlikna med Kinn. Sterkare tilknyting og identitet i høve til Stad kan og vera positivt for lokalpolitisk engasjement og medverknad, skriv Telemarksforsking avslutningsvis.

Les heile rapporten her.