Dørene på ein semitrailer, som var lasta med filetert sild, spratt plutseleg opp, og dermed så rasa deler av lasta ut av lastebilen og vart liggande strødd utover veegen.

Uhellet skjedde like før klokka 22.00 måndag kveld på Rv 15 ved Nygård i Deknepollen.

Uhellet skjedde i ein sving. Ti kar med sild ramla ut og vegen vart forvandla til eit digert sildebord.

Eit augevitne som kom like bak traileren seier til Fjordenes Tidende at dørene på semitraileren brått spratt opp.

Heldigvis kom det ingen bilar imot, og ingen vart skadde.

Etter det Fjordenes Tidende får opplyst skal politiet vere på veg til staden der det no blir jobba med å rydde opp silda frå vegen