Nyleg inngjekk steinbedrifta på Dyrstad i Bremanger kommune ein kontrakt med belgiske Jan de Nul på leveransar til det nye Knarr-feltet.

Verken verkssjef Jos Luth eller teknisk sjef Sverre Geir Hellebust og ønskjer å seie noko om verdien på kontrakten, men godt fornøgde det er dei.

– Vi har allereie plotta inn de første seks båtanløpa i september og oktober, og har opsjon på fleire. Det er ei god, langsiktig kontrakt for oss, seier Hellebust, og fortel at dei allereie er i gang med å produsere steinen.

Det er ikkje tvil om at kontrakten vil sette spor etter seg på botnlinja til Bremanger Quarry. Selskapet ligg an til å auke det totale steinuttaket for i år frå estimerte 3 millionar tonn til nærare 4 millionar tonn.

– Månadsproduksjonen i september er berekna til mellom 420.000 og 440.000 tonn, ein kjempegod månad for oss, seier Hellebust.

Auken kjem etter eit år med nedgang. I 2012 blei det teke ut 3 millionar tonn stein mot 3,3 millionar tonn dei to føregåande åra.

Alt i alt har Bremanger Quarry 35 fast tilsette, noko som dekker inn kjerneverksemda. Utover dette leiger dei inn den hjelpa dei treng.

– Her speler vi på lokale leverandørar, til dømes innan mekanisk, elektrisk og hydraulisk. Når vi ikkje har spisskompetansen sjølve, hentar vi den lokalt, seier Sverre Geir Hellebust.

Til sprenging og boring brukar dei det internasjonale selskapet Bam Ritchies.

Les heile saka i papirutgåva onsdag 16. september.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende