Konstituert fylkesdirektør for tannhelsetenesta i fylket, Clara Øberg, vil legge ned 13 tannlegekontor i fylket, mellom anna i Selje, på Hauge i Bremanger og i Svelgen.

Bakgrunnen er at denne sektoren må spare 11 millionar kroner.

– Det betyr at ein del einmannsklinikkar vert føreslegne nedlagde, og at vi satsar på større fagmiljø, seier Øberg til NRK Sogn og Fjordane.

Øberg meiner ei nedlegging er framtidsretta og eit godt grunnlag for ei betre tannhelseteneste.

– Det blir ikkje så sårbart når det gjeld fråvære. Har du ein time hjå tannlegen treng du ikkje nødvendigvis få ei avbestilling sjølv om tannlegen er vekk, seier Øberg til NRK

Av dei 28 tannklinikkane i fylket er desse 13 føreslått lagt ned:

  • Selje

  • Svelgen

  • Bremanger

  • Hornindal

  • Innvik

  • Naustdal

  • Vassenden

  • Sande

  • Askvoll

  • Leikanger

  • Balestrand

  • Hyllestad

  • Aurland