Det nye omsorgssenteret på Nordfjordeid veks fram. – Vi er i rute, lovar prosjektleiar Bjørnar Haveland i Aasen & Øvrelid AS.

Byggjestart var rundt den 1. oktober, og det skal stå ferdig 1. mars 2017.

– Tidsfristen skal vi klare, og vi reknar med å ha tett bygg til jonsok, seier Haveland.

Snøfattig vinter

– Vinteren er alltid eit heft, men det har vore lite snø i vinter, så det har gått forholdsvis greitt med bygginga, seier byggeplassansvarleg Ove Holsen.

Det nye omsorgssenteret på Nordfjordeid skal gi 40 heildøgns omsorgsplassar, der bruk av velferdsteknologi står sentralt.

På førehand var det knytt ein viss spenning til krevjande grunnforhold med mykje leire.

– Men med riktig planlegging, godt forarbeid frå kommunen og gode entreprenørarar med på laget, har det gått bra.

Aasen & Øvrelid sikra kontrakten om utbygginga på 103 millionar kroner, i tøff konkurranse med seks andre.

Aasen & Øvrelid er også i sving med å bygge ut kjøpesenteret Moengården.

– På desse to byggjeplassane har vi sjølve tjue mann i arbeid, og med alle som er i sving her har vi produsert 5.000 arbeidstimar, konstaterer dei.

Ved omsorgssenteret reknar dei med ein topp av arbeidarar frå mai/juni og ut november.

– Vi får dagane til å gå, smiler Haveland, som er prosjektleiar for begge utbyggingane.

– Vi har sysselsett ein god del rundt oss, og ein del lokale firma og leverandørar er knytt til oss. Det er også filosofien vår så langt det let seg gjere, seier dei.

Topp moderne

Det nye omsorgssenteret skal ha 40 heildøgns omsorgsplassar, og er det største investeringsprosjektet i Eid nokosinne. Prosessen starta heilt tilbake i 2001, og utbygginga er resultatet av ein lang prosess med å få ei nødvendig standardheving av institusjonsomsorga i Eid.

– Vi lagar eit moderne bygg, der det siste innan velferdsteknologi er nøkkelen. Eit nytt bygg er under oppføring, og det skal også byggjast ein korridor mellom gammalt og nytt bygg. God planlegging gjer dette muleg, fortel Haveland.

– Vi får reise rundt i heile fylket og byggje opp Sogn og Fjordane. Det er vi heilt klart stolte av.

Aasen & Øvrelid bygde også Operahuset på Nordfjordeid og det nye omsorgssenteret i Svelgen som opna for innflytting 16. mars i år.