– Berre de no ikkje har teke nattesomnen frå meg, seier bremangerordførar Audun Åge Røys då Fjordenes Tidende gjer han merksam på at kommunen han leier faktisk har eksistert 150 år i år.

– Det var eg ikkje klar over, seier Audun Åge Røys, og stadfestar at kommunen rett og slett har gløymt sitt eige jubileum.

Men markering meiner han eit slikt rundt tal fortener, og er glad for å ha blitt gjort merksam på det.– Det må jo absolutt markerast!

Vil stå åleine

Det var Guttorm Bjørnsen, tidlegare lensmann i Bremanger, som hugsa det runde talet, og gjorde Fjordenes Tidende merksam på det gløymde jubileet.

– Bremanger kommune vart eigen kommune i 1866. Det er såleis 150-årsjubileum i år. Bremanger vart då skilt ut frå dåverande Kinn kommune. I 1964 vart Davik kommune delt i tre, det som var på sørsida av Nordfjord vart lagt til Bremanger, medan det på nordsida vart delt mellom Vågsøy og Eid. Bremanger kommune har bestemt at dei ikkje vil slå seg saman med andre, og det burde då vel vere ein god grunn til å feire eit slikt jubileum, seier Bjørnsen og held fram:

– No er det på tampen av året, men det er enno ikkje for seint å feire. Kommunen burde straks sette i gang og arrangere ein storstilt jubileumsfest – i Bremangerhallen eller Idrettshallen i Svelgen med dei kulturelle kreftene som er i kommunen, og spandere dette på innbyggjarane. Kommunen burde vel også laga til eit jubileumshefte, seier tidlegare lensmann, lokalpolitikar, samfunnsdebattant, og til og med korpsdirigent, men no først og fremst lokalpatriot, Guttorm Bjørnsen.

Vil finne på noko

– Eg må snakke med driftsleiarane og høyre kva vi skal gjere, seier Audun Åge Røys, som fortel at han kjenner godt til «Hundreårsskriftet» frå 1966 då kommunen, som då fylte 100 år, feira seg sjølv til gagns.

– Ja, den boka både har eg og har eg lese, men eg har altså ikkje tenkt over årstalet. Men om det ikkje blir 150-årsmarkering, må vi kanskje lage 151-årsmarkering, seier han hastig mellom to møte fredag.

Les meir om saka i Fjordenes Tidende si tysdagsutgåve.