Namn:Gunhild Berge Stang
Parti:Sogn og Fjordane Venstre
Alder:41 år
Bustad:Dale i Sunnfjord
Yrke:Rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune

– Vi vil gjere politiske vegval i neste valperiode for å nå eit mål om 25.000 fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane i 2050 enn i dag – med 20 prosent større ungdomskull, slår Sogn og Fjordane Venstre fast i sitt program.

Fylkesordførarkandidat Gunhild Berge Stang fortel at det mellom anna skal skje gjennom ei sterk satsing på ungdom og utdanning.

– Vi vil skjerme dei vidaregåande skulane, stimulere til fleire lærlingplassar og styrke høgskuleutdanninga, slår ho fast. Partiet ønskjer fritt skuleval i dei vidaregåande skulane innanfor utlyst tilbodsstruktur.

Vidare vil Venstre gjere Sogn og Fjordane til fornybarfylke nummer 1 i Norge.

– Vi har dei største fornybarressursane i landet og dermed sterke konkurransefortrinn i framtidas arbeidsmarknad. I dette vil vi òg jobbe for at mat med høg kvalitet frå sjø og land skal vere eit strategiske satsingsområde for fylket vårt, seier Berge Stang som ønskjer å halde fast på deltakarlova i fiskerinæringa.

For å bygge ein framtidsretta arbeidsmarknad som ungdom finn variert, interessant og attraktiv, meiner Berge Stang at ein treng større bu- og arbeidsmarknadsregionar. Ho nemner tiltak som fiberutbygging og satsing på regionssentera som tiltak for å oppnå dette.