Ein dag slutta sonen Tius (no 3 månader) å puste. Heldigvis hadde Malin Nygård Gjerde og sambuaren sett ein video om førstehjelp på babyar berre to dagar tidlegare.

Alle foreldre sitt mareritt, babyen sluttar å puste og ein får panikk.

– Vi var så uendeleg lykkelege for at vi visste kva vi skulle gjere. Det var rein flaks at vi hadde sett videoen to dagar før, fortel Malin Nygård Gjerde.

TV-innslag

26-åringen synest eigentleg det var for personleg å dele historia på bloggen, men gjorde det likevel for å gjere fleire merksame på kva ein skal gjere.

Ho blei også gjest på God Morgen Norge, som hadde laga den første videoen om førstehjelp på babyar. Der uttalar ho også at ho ønsker det skal vere obligatoriske førstehjelpskurs for nybakte foreldre.

– Heldigvis gjekk alt bra med oss, seier Malin.

På bloggen oppfordrar ho alle til å sjå videoen om kva ein skal gjere om babyar får blokkeringar i luftvegane, som ho fortel skal ligge lett tilgjengeleg på TV2 sine nettsider.

Dette skal du gjere

Dersom barn under 1 år får blokkeringar i luftvegane skal du gjere følgjande:

1) Hosterefleksen vil som regel løyse problemet, men om den ikkje gjer det må ein hjelpe til med å fjerne det som stenger luftvegane.

2) Ikkje sveip med fingrane i blinde i barnets munn. Sjå etter framandlekamar og forsøk å fjerne dei du kan sjå.

Barn under 1 år, som er vakne, men som har betydelege pusteproblem:

1) Legg barnet på magen over armen din slik at hovudet blir halde lågast.

a. Dunk hardt fem gonger med handbaken mellom skulderblada.

b. Snu barnet på ryggen og gi fem hurtige/faste støyt med to fingrar på brystkassen midt mellom brystvortene.

c. Opne barnets munn og sjå om du kan få ut noko.

2) Dersom barnet framleis ikkje pustar eller skrik, men er bevisst:

a. Gjenta fem ryggslag og fem støyt mot brystet til framandlekamen kjem opp – eller til pasienten blir medvitslaus.

b. Hald barnet lågt med hovudet lågt over kneet ditt. Hald ei hand på ryggen og ein under barnets bryst og mage når du snur barnet for å veksle mellom ryggslag og brystkompresjonar.

3) Dersom barnet snakkar eller skrik:

a. Sjå etter framandlekamar i munnenb. Legg barnet på sida.

Barn under 1 år som er medvitslause:

1. Tilkall hjelp – Ring 113

2. Start med munn til munn-metode:

a. Bøy hovudet bakover

b. Blås forsiktig inn to gonger og sjekk at brystkassen hevar seg.

c. Dersom pasienten ikkje vaknar, start brystkompresjon– Fortset med hjartelungeredning (HLR 30:2) kor ein vekslar mellom 2 innblåsingar og 30 brystkompresjonar. – Sjekk munnen for framandlekamar før kvar periode med to innblåsingar.

Kjelde: Norsk helseinformatikk si nettside, der ein kan lese meir om førstehjelp og framandlekamar i luftvegane