– Tusen takk til alle som var med på feiringa av 100-åringen. Folket strøymde til fjells, og då klokka passerte fire talde vi opp 125 namn i hytteboka, seier leiar i turlaget Kirsten Grotle, som synest det var kjekt å sjå folk frå alle delar av kommunen og nabokommunane.

Dette blei ein festdag som vil minnast, trur ho.

– Dugnadsfolk og hyttevertane hadde vore i sving i «dagevis» med vasking, rydding, grautkoking og kakebaking.

Dei besøkande fekk sjå hytta som har gått gjennom store endringar det siste året. Dei fekk også eit innblikk i denne viktige industrihistoria for Svelgenssamfunnet og det var overrekking av gåver frå private og organisasjonar, i tillegg til pengegåver frå bursdagsgjestane.

Men dagen var ikkje berre ei bursdagsfeiring.

– Vi markerte også at hytta no ei fullverdig ubetjent hytte i DNT. No er DNT-nøkkel og lås i bruk, avsluttar Grotle.