Kim Ronny Nygård frå Kalvåg har hatt svært tunge år sidan ein sjeldan kreftsjukdom brutalt tok kontroll over livet hans for 13 år sidan. Biljard blei redninga for 42-åringen.

For nokre veker sidan sette Kim Ronny seg i bilen med biljardutstyret i bagasjerommet. Anledninga var NM i biljard på Oslo Biljardsenter.

– Eg veit no ikkje om eg har noko her å gjere, smiler Kim Ronny under oppvarminga.

Han er den einaste i rullestol rundt dei mange borda i Østensjøveien.

– Men det som er fint, er jo at sjølv om ein er handikappa, så spelar ein rundt dei same borda som alle andre, seier han i det nok ei biljardkule hamnar akkurat der han har tenkt.

Blei sjuk i 2001

Kim Ronny har den sjeldne kreftdiagnosen LCH der det dannar seg svulstar nær marg og bein. Han har i dag sju svulstar i kroppen som forårsakar store smerter, og som lenkar han til rullestolen.

Bremangermannen blei sjuk i 2001, og fekk diagnosen året etter. Før sjukdomen jobba han i fiskeindustrien, og han har også drive baren på Havly Pensjonat i Bremanger.

– Eg hadde drive baren i eit halvt års tid då det var over, seier han om ein vårdag i 2001 som skulle forandre livet.

Etter den dagen har det ikkje alltid vore lett å finne meininga med livet. Det har vore harde og tunge stunder, og tankane har bikka mot å forlate det heile.

Han har tre born frå tidlegare forhold på 14, 17 og 20 år. Dei veit korleis pappaen har det.

– Eg har sagt det til dei. Den dagen pappa ikkje orkar meir, då gjer han det ferdig, seier han alvorstyngd.

Sonen på 14 er fødd 7. april 2001. 10. april blei Kim Ronny sjukmeld.

– Det har ikkje vore enkelt. Dei har sett smertene mine. Eg skjuler det mykje, men eg klarer ikkje det alltid, seier trebarnsfaren.

Trivst i Thailand

Dei verste fysiske smertene forsvinn når han får vere i varmare strøk. Derfor er Kim Ronny mykje i Thailand. Eit land der det er kort avstand mellom biljardborda, og det er stor interesse for både snooker og pool.

Det var der Kim Ronny vart hekta på det fascinerande spelet. Han er glad for det i dag.

– Biljarden har gjeve meg eit liv igjen. Den tek vekk stygge tankar, og med det også den konstante bruken av dop, seier Kim Ronny.

Han var oppe i 350 mg morfin i døgnet i løpet av sjukdomens fyrste år, og 300 mg blir berekna som overdose.

No har han vore morfinfri i eit år.

– Når eg spelar klarar eg å kutte ut. Då samlar eg meg fullt om biljardspelet, og eg får fri. Eg har på mange måtar gått frå sjølvmordstankar til biljardbordet. Er eg for lenge borte derifrå, kjem tunge tankar tilbake.

Godt miljø

42-åringen trivast godt i biljardmiljøet, og i det han gjer seg klar til NM-kamp, kjem det ein kjenning bortover. Robert Gelin Rysjedal frå Førde er tilknytt same biljardklubb som Kim Ronny, Fjordane biljardklubb.

– Før vi fekk biljardbord i Kalvåg, var Førde det nærmaste. Eg reiste til Førde 3–4 gongar kvar veke for å spele.

Det har også vore lengre turar enn dei 28 mila til og frå Førde. I november 2014 deltok Kim Ronny på VM i biljard for rullestolbrukarar i Finland. Og etterpå gjekk turen vidare til European Master i Malmø. Han var også med under EM i Portugal i april.

– Det har vore veldig kjekt. Det å ha noko å sjå fram til har halde motet oppe, seier han før han og kompisen Robert ladar opp vidare til sine fyrste kampar i NM-turneringa.

Fekk varme kjensler

Det var ikkje berre biljard som fenga Kim Ronny Nygård i Thailand.

Perioden etter at Kim Ronny blei diagnostisert var ei tung tid. Men etter kvart kom det eit lysglimt til som skulle følgje han vidare. I Thailand møtte han nemleg kona si, Pakamas.

Dermed blei det både biljard og brud i det asiatiske landet, og begge har vore særdeles viktige Kim Ronny sitt liv vidare.

Men tidspunktet var spesielt. Kim Ronny var nemleg i Thailand då flodbølgja trefte Phuket og strøka rundt i romjula 2004. Sjølv var han trygg, i den langt nordlegare byen Pattaya.

– Ho kom med tsunamien, brukar eg å seie, fortel Kim Ronny om møtet 2. juledag for elleve år sidan.

– Då eg trefte ho hadde eg vore sjuk i berre eit par år, så ho har vore gjennom det meste av dette i lag med meg.

Dei har vore gifte i ni år og Pakamas er også Kim Ronny sin personlege assistent. Det betyr at ho er med overalt, og det har gjort sitt til at også ho har blitt biten av biljardbasillen.

– Ja, faktisk. Ho spelar ein heil del, og spesielt heime i Kalvåg, smiler Kim Ronny, som nyleg etablerte Kalvåg biljard- og dartklubb med to bord.

– Det går veldig bra. Vi har runda 50 medlemmar og det har blitt ei lita biljardbølgje.