Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland vedtok i februar 2017 å slå saman dei to fylka med verknad frå 1. januar 2020. Begge fylka har gått inn for den nye fylkeskommunen får namnet Vestlandet eller Vestland fylkeskommune.

Regjeringa har i statsråd avgjort at dei tilrår Vestland som namn på det nye fylket.

– Dette er vi veldig glade for. Tilrådinga følgjer opp ønsket frå eit samla fylkesutval og fylkesting i Sogn og Fjordane, og eg trur det kan vere med og byggje ein identitet for vestlandsfylket. Eg legg til grunn at Stortinget følgjer tilrådinga frå departementet når dei gjer det endelege vedtaket før sommaren, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling.

– Dette er eit namn som har stort potensial, og som det er brei oppslutnad om, seier fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun.

– Eg er glad for at vi har fått eit forslag til namn, og meiner at vi med dette namnet kan byggje ein felles identitet for det nye storfylket i vest, seier Hestetun.