Sogn og Fjordane fylkeskommune skal dele ut Gründerprisen og leitar no etter aktuelle kandidatar.

Gründerprisen skal stimulere unge menneske i Sogn og Fjordane til å etablere nye verksemder og skape nye arbeidsplassar i fylket. Prisen er på 30.000 kroner og går til ein gründer mellom 18–35 år, og vert delt ut på fylkestinget i desember.

Gründeren må vere busett og verksemda lokalisert i Sogn og Fjordane. Etableringa må ha skjedd i løpet av dei fem siste åra.

Aktuelle kandidatar vert vurdert ut frå desse kriteria:

Ÿ Nyetableringa skal ha eit tydeleg forretningspotensial. Det kan mellom anna vere i form av: arbeidsplassar, omsetnad, teknologisk nyskapande produkt, kommersiell innretting av produkt, offensiv nyskaping, funksjon av produkt, nytteverdi og marknadspotensial, utnytting av nisjar både nasjonalt og internasjonalt

* Utnytting av forretningspotensial og marknadsføring

* Kompetanse hjå kandidaten (både formell og uformell kompetanse)

* Utnytting av lokale ressursar og ringverknader i lokalsamfunnet

* Ekstra vekt på marginale samfunn i fylket og etablering av kvinnelege arbeidsplassar

Juryen er samansett av representantar frå fylkeskommunen, NHO, Fylkesmannen og Innovasjon Norge.

Kjenner du til ein ung gründer som oppfyller kriteria og fortener litt ekstra merksemd? Eller er du ein ung gründer som vil søkje om å få prisen?

I 2012 vann Håvard Halvorsen, Jørn S. Nilson, Jørgen Borgesen og Halvor Gregusson gründerprisen for innsatsen med å utvikle selskapa Yast, nLink og Rocketfarm. Andre vinnarar av prisen er Jørn Mikalsen og Heidi Kopperud frå Videonor AS og Seevia AS, Sindre Kvalheim frå Local Host AS, Njål og Linn Wilberg som står bak AskAdam AS, Jarand Fretheim bak Stadt Surfcamp og gründerane bak Moods of Norway. Send forslag med informasjon om kandidatar innan 12. november.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende