Laurdag hadde ordførar Alfred Bjørlo (V) æra av å klippe snora for det største byggeprosjektet Eid kommune nokon gong har gjennomført - Hogatunet bu- og behandlingssenter.

Folk strøymde til for å sjå det nye omsorgssenteret som samla får 50 plassar. Nær 300 fekk med seg snorklipping, talar og gåveoverrekking, men talet på besøkande steig nok endå meir då det var tid for omvisning i det nye praktbygget som er bygd av Aasen & Øvrelid.

Det var fritt fram for publikum å sjå seg rundt i alle delar av bygget, og folk fekk både servering og forklaring på alle funksjonane den nye sjukeheimen skal ha.

Ordføraren sa sjølv at dette var meir enn berre ein sjukeheim:

– Hogatunet er i høgste grad også eit «fleirbruksbygg». Hogatunet er ein stad å bu – døgnet rundt, året rundt – for om lag 50 innbyggarar i Eid, sa han i talen.

I tillegg til at Hogatunet er ein av dei største arbeidsplassane i Eid og no får svært oppgraderte arbeidsforhold, fokuserte Bjørlo også på at Hogatunet skal vere ein stad der dei som opplever endra helse skal få leve livet sitt på ein god måte.

– Det er ein stad for behandling, ein stad for opptrening og ein sosial møtestad. Det er ein stad å leve eit godt liv – men også ein stad å lære seg å leve eit godt liv i eigen heim, og få støtte og avlasting. (...) Men mest av alt er Hogatunet for meg ein stad for verdigheit. Det er ein stad der vi tar på alvor at dei som treng mest omsorg i livet sitt, skal ha like stor verdigheit i kvardagen som oss andre, sa ordføraren i talen.

Les heile saka om opninga av det nye omsorgssenteret i papiravisa tysdag.