Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), seier folk har mist tilliten til ferja som trafikkerer sambandet Lote-Anda.

Onsdag møtest ordførarane i Eid og Gloppen kommunar og Statens vegvesen på Sandane for å diskutere situasjonen.

I løpet av førre veke var sambandet innstilt tre gongar grunna tekniske problem på ferja MF Årdal.

– Vi hadde ei ferje som var til å stole på. Kommunane og næringsliv vart ikkje tatt med på råd då det vart bestemt at MF Årdal skulle erstatte MF Lote, som tidlegare trafikkerte sambandet. Vi protesterte den gongen, men fekk til svar at vi kunne slappe heilt av fordi den nye ferja var til å stole på, fortel Bjørlo, og legg til:

Frå 1. januar 2018 set Fjord1 to nye batteriferjer i drift på strekninga. Ordføraren vil ha straksløysingar no.

– Den enklaste og beste løysinga må vere å få tilbake MF Lote, seier Bjørlo.