Navn: Helene Leivdal

Alder: 16 år

Yrke: skuleelev

Bustad: Hjelle i Eid

– Kva planar har du for sommaren?

– Eg skal vere mykje på hytta og så skal eg besøke vener og familie. Eg skal rett og slett kose meg med å ha fri. Og så skal eg på Malakoff, så klart.

– Korleis er ein perfekt sommardag for deg?

– På ein perfekt sommardag er det sol frå tidleg morgon, eg er på ei strand med gode vener der vi grillar, solar oss, høyrer på gladmusikk og spelar spel.

– Kva er ditt favorittreisemål?

– Eg likar å reise til Syden, og spesielt Spania. Der blir ein fortare brun, og så er der så mange flotte strender og badeplassar.

– Kva er ditt beste sommarminne?

– Alle søskenbarnsamlingane eg har vore på. Søskena til mamma med familiar treffast alltid den siste helga i sommarferien for å gjere mykje kjekt i lag. Det er det beste med sommaren.

– Kven vil du gi ei korg jordbær?

– Besteforeldra mine. Dei er så flinke til å hjelpe familien min, og er elles veldig snille. Og så får vi låne hytta deira.

– Kva legg du helst på grillen?

– Eg likar best å grille pølser med brød, og et gjerne salat til.

– Kva finn du på om det regnar?

– Om det regnar ute sit eg inne og spelar kortspel og brettspel saman med familie og vener. Kan også finne på å sjå ein film.

– Har du ein favorittfjelltur?

– Eg likar godt å gå på Hjellesætra og Rindane.

– Kven beundrar du?

– Foreldra mine. Dei tek oss med på så mykje kjekt, og gjer så mykje for oss.

– Har du ein hobby?

– Eg spelar fotball og handball. Eg er også med i korps og i 4H.

– Kva les du i lokalavisa?

– Eg les mest aviser på nettet. Der les eg nyheiter frå Eid og elles det eg finn interessant.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Ekte sommar på Eid!