Mobbing, narkotika, hærverk. Problemåtferd i ungdomsmiljøet gjer at Vanylven kommune har oppretta utekontakt.

Ifølgje ordførar Lena Landsverk Sande (V) er det feil å seie at problema gjeld ungdomsmiljøet i kommunen totalt sett.

Vanylven er sett saman av fleire mindre senter – Åheim, Fiskå, Syvde, Eidså, Åram, Rovde og Sylte. På Åheim er det barne- og ungdomsskule, på Fiskå barneskule og i Syvde barne- og ungdomsskule. I Syvde er det også vidaregåande skule.

Kjenner seg ikkje att

Dei tillitsvalde elevane Maria Hatlevik Borg (14) og Sara Marie Solheim (13) på Åheim skule kjenner seg ikkje att i skildringa av ungdomane i Vanylven som problemungdom.

– Eg oppfattar ungdomsmiljøet på Åheim som trygt, roleg og med gode aktivitetstilbod, seier Maria.

Ho peikar på Syvde som ein stad ho trur i større grad speglar den dystre statistikken.

Redd for stigmatisering

Ordføraren frikjenner også Åheim frå verstingstempel.

– Statistikken viser at på Åheim skule er det nesten ikkje mobbing. Så veit vi at andre skular i kommunen ligg i motsett ende av statistikken.

Maria og Sara som både er med i elevrådet, i leiinga i 4H og aktive i idrett, er redd ungdomane i kommunen blir stigmatisert som bøller.

– Det kan skje. Og det er ikkje tilfelle. Eg trur det handlar meir om enkeltpersonar som fell utanfor og blir misnøgde. Så finn dei ilag med andre som er misnøgde og det oppstår dårleg miljø, seier Maria.

– Lett tilgang til stoff

Sosionom Annette Gjeterud vart i august tilsett i ei toårig prosjektstilling som utekontakt i kommunen som følgje av problema. Ho har skrive ei prosjektskisse som tysdag denne veka var oppe til orientering i kommunestyret. I tillegg er det oppretta ei tverrfagleg gruppe der instansar som skule, helse og NAV er med.

– Miljøet her er gjennomsiktig. Eg føler meg trygg på at lensmannskontoret i Vanylven har kontroll på situasjonen. Men det verkar som det er lett tilgang til stoff som hasj her, og vi høyrer også om kjøp av syntetiske stoff gjennom internett, seier Landsverk Sande.