Politiet i Sogn og Fjordane oppfordrar folk til å vere oppmerksame på telefonsvindel.

Oppfordringa kjem etter at fleire av Fjordenes Tidende sine tipsarar har vorte oppringt av dei to nummera + 44 706 731 215 og + 44 791 612 608.

På tråden er ein engelsktalande person som presenterar seg som tilsett i selskapet Microsoft.

Politiet opplyser at dette er svindlarar som ønsker tilgang til private datamaskiner via eit fjernstyringsprogram. Dei oppfordrar folk til å ikkje ta telefonen, og i alle fall ikkje følgje instruksane frå dei som ringer.

- Du har all grunn til vere skeptisk når nokon kontaktar deg uoppfordra og vil fjernstyre datamaskina di, seier politiet, som meiner at denne typen svindel burde vere kjent for folk flest.

- Det er berre å vere oppmerksame og ikkje la seg lure. For sikkerheitsskuld kan ein godt blokkere desse nummera, avsluttar politiet.

Politiet gjekk også i fjor sommar ut og varsla om svindel i heile fylket.

Tidlegare i år oppfordra dei folk til å legge på då svindlarar med eit latvisk nummer var på ferde.