Måløy Havfiskefestival vil i år halde på dobbelt så lenge som tidlegare år. Leiinga i festivalen meiner det er viktig å bu seg til neste års meisterskap.

– Oslo havfiskeklubb har spurt om dei kan få kome til Måløy for å vere med å arrangere havfiskekonkurransar. Dette er sjølvsagt veldig kjekt for oss, og med deira hjelp kan utvide arrangementet til fire dagar, fortel nyvalt dagleg leiar for Måløy Havfiskefestival, Sunniva Oldeide.

Havfiskefestivalen vil i år starte på ein onsdag og det vil bli fisking til og med laurdag.

– Det blir fisking onsdag, torsdag, fredag og laurdag for dei profesjonelle, og så blir det vanleg opplegg med fiskekonkurranse for bedrifter på fredagen og ein folkeklasse på laurdagen, seier Oldeide.

Vil ha meir aktivitet

Oslo havfiskeklubb vil ta del både i planlegging og gjennomføring av havfiskekonkurransane for dei profesjonelle.

– Klubben vil hjelpe Nordfjord havfiskeklubb med alt det praktiske under gjennomføringa av konkurransen. I tillegg kjem representantar frå klubben til Måløy ei helg i juni for å førebu arrangementet, fortel Oldeide.

Leiinga i festivalen meiner utvidinga kan føre til meir aktivitet både på sjø og land og for profesjonelle, så vel som amatørane.

– Dette gjer at vi kan lage veldig mange aktivitetar, rett og slett fordi vi har fleire dagar å spreie aktivitetane utover. Så det er ikkje berre dei profesjonelle aktørane som vil dra nytte av utvidinga, seier Oldeide.

Ser på det som prøve-EM

Årets festival er den femte i rekka og Oldeide meiner det er vinn eller forsvinn for Havfiskefestivalen.

– Dei fyrste åra er alt nytt, men no er vi komne så langt at vi må få på plass gode rutinar. Vi er nøydde til å få opp ein større og meir effektiv organisasjon viss vi skal klare å takle det massive presset som blir neste år, seier ho.

Oldeide viser til at festivalen neste år skal stå som arrangør av EM i havfiske.

– Litt av grunnen til at vi utvidar festivalen er rett og slett for å bu oss på EM. Heile organisasjonen og båtane må vere klare for neste år. Alt må vekse eit hakk i år, og så må vi vekse fem hakk til neste år, fortel ho.