– Det vert ei skikkelig gladveke med maritim aktivitet frå morgon til kveld, fortel Magnus Willumsen, leiar for Norsk Kystleir, som vert arrangert neste veke.

Neste søndag går startsskotet for kystleiren i Krokpollen ved Totland i Vågsøy kommune for femtande året på rad.

Leiar for leiren, Magnus Willumsen, oppfordrar lokal ungdom til å melde seg på og lovar eit kjekt, innhaldrikt og ikkje minst lærerikt leiropphald.

Han fortel at det blant anna vert padling i kajakk og kano, roing, segling, fisking, tauverksopplæring og ikkje minst tube- og båtkøyring.

– I tillegg skal vi døgne ei natt der det vert fotball, volleyball, bading, kino og grålysningspadling i morgontimane, seier han og understrekar at det vert lagt til rette for alle nivå, og at både nybegynnarar og meir erfarne på sjøen kan melde seg på til leiren.

Willumsen meiner leiren er eit godt alternativ for ungdomen å bruke tida si på, og at det er ein fin måte å skaffe seg opplevingar og å utvikle seg i sommarferien.

– Vi har framleis ledige plassar, og det er berre å ta kontakt snarast. Eg lovar at alle deltakarane kjem til å reise heim som betre sjøfolk og ikkje minst litt gladare mennesker, smiler han og legg til:

– Her lærer ein nye ting samstundes som ein får seg vener for livet. Det er absolutt ei oppleving eg anbefalar å ta med.Leiren går føre seg i Krokpollen frå 26. juni til 1. juli.