Butikkane skal vise fram siste nytt under moteshowet på Måløydagene. Alt frå arbeidskle til kjolar skal fram på catwalken.

– I år blir det stor variasjon i moteshowet. Det blir alt frå barneklede, kle for vaksne, vesker, briller og arbeidskle å sjå under moteshowet, fortel Lisbet Sunde Eltvik, som driv Lagerutsalget som organiserer årets moteshow.

Butikkane som skal vise fram sitt sortiment er B-Young, Classics, Bekka, Kaibutikken, Hugo Farstad, JobbPartner, Lagerutsalet og VIC Lefdal. I tillegg har Trio Frisør og Athene Frisør og Velvære takka ja til å vere med og style modellane.

Håpar å inspirere

Bakgrunnen for at butikkane vel å vere med på moteshowet, er at dei vil vise fram mangfaldet som finst.

– Vi har alt vi treng i Måløy, så dette er ei god anledning for oss å vise fram kva vi har å by på, fortel Siri Myrestrand, som driv Bekka.

Det er Sunde Eltvik er einig i.

– Vi har fått tilbakemeldingar på at det er veldig greitt for kundane å få sjå kleda på ein person, og ikkje berre på kleshengaren.

God respons

Moteshowet vil gå føre seg på Torget på laurdagen under Måløydagene, og vil vare i om lag ein halv time. Showet blir leia av konferansier Geir Gjelten, som også skal leie showa i festivalteltet på kvelden. Gjelten er kjent som magikar og «rikslommetjuv».

Butikkane ser fram til arrangementet, og fortel om god respons tidlegare.

– Moteshowet er alltid populært og trekker mykje folk. For min del har eg hatt veldig god respons på dei moteshowa vi har hatt. Folk har nærast sprunge frå showet og opp til butikken, seier Sunde Eltvik.

Også butikken Bekka har merka pågangen i etterkant av moteshowa.

– Nokre gongar har modellane likt det dei har vist fram så godt at dei har endt opp med å kjøpe det sjølv.

Innbringande

Sjølv om Måløydagane er travle dagar for butikkane, med utvida opningstider, legg dei ikkje skjul på at helga byr på kjekke og innbringande dagar.

– Det er veldig viktige dagar for oss. I tillegg er det veldig kjekt med mykje folk, både tilreisande og lokale, i sentrum, seier Sunde Eltvik.