- Det blir nok mykje Malakoff-svette på det nye albumet vårt, lovar Kristopher Schau i The Dogs.

The Dogs var eitt av to band som spelte på Malakoff sin kick-off konsert torsdagkveld, og er med det ferdige med sin Malakoff-opptreden. Men dei reiser ikkje vidare heilt med det første.

Han fortel at dei skal nytte tida i Gymmen til å gjere ferdig det nye albumet som skal komme i august, og som kjem til å vere litt inspirert av dagane på festival på Nordfjordeid.

- Det er denne sizen her som er koselegast, stinn brakke og engasjerte publikummarar. Det blir ikkje betre, seier han.