Både dei aller minste og dei litt eldre hadde tatt med seg syklane sine til Torget for å delta på sykkelrittet.

– Eg syklar ikkje så mykje til vanleg, men det er veldig kjekt å kome seg ut. Eg har ikkje noko mål om å vinne, sa Cathrine Nygård (12) før rittet starta.

Måløy er ein av fem stadar sykkelrittet har, eller skal besøke, i Sogn og Fjordane i år.

I tillegg til sjølve rittet var det blant anna mogleg å prøve og sykle på ulike hinder, ein kunne få sjekka sykkelen sin hos MX Sport, som var til stades, besøke Eliasbåten, få seg lakseburger eller laksetaco frå Coast og kose seg i sola på Torget.

Du kan sjå fleire bilete frå arrangementet øvst i saka, og du kan lese meir om sykkelfesten i Fjordenes Tidende fredag.