Dei tre munkane i Selje ser ut mot havet frå sjøbua på Eide og ventar på at det store skal skje.

Det nærmar seg eit år sidan den georgiske patriarken Elias II grunnla Hl. Sunniva Kloster, og sende fader Damaskinos til å ta hand om starten på eit levande kloster på Selja.

Sidan er fader Antipas, også han prest, og fader Agathangelos, som er diakon, flytta inn.

Dei tre likar å sjå ut Moldefjorden mot den heilage øya, og ser fram til at dei skal få reise ut og gje nytt liv til den spirituelle historia på Selja, og særskilt ære den heilage Sunniva.

– Klosteret skal bli ein god plass for pilegrimar som treng kvile, og det skal bli ein stad for spirituell retreat, seier fader Damaskinos.

Ein vanleg dag

Medan munkane ventar, brukar dei tida om lag slik som dei kjem til å gjere ute på øya.

Dagen startar med gudstenester og bøner, og held fram med mat og arbeid. Om kvelden er det ny gudsteneste, mat, og meir arbeid, før dagen er over klokka ni, og alle kan gå til kvar sitt rom.

– Den første gudstenesta startar klokka sju. Då har vi midnattstime. Så følgjer morgongudsteneste og til sist liturgi, som er ei nattverds- gudsteneste. Det vi kallar liturgi, er det protestantar og katolikkar kallar messe, seier norske fader Agathangelos.

Som musikar tar han seg av songen, medan dei to andre fedrene byter på å vere prest under gudstenestene. For munkane er messa heilag.

– Vi trur at den er inspirert av Gud ved den heilage ande, seier Agathangelos.

Stille måltid

Etterpå er det klart for det første av to varme måltid. Som ved alle måltid er det stille utanom tekstlesinga. Det å sitte til bords og ete blir rekna som eit framhald av gudstenesta.

– Kvar dag feirar vi ein helgen, og teksten kan godt ta for seg helgenen. Eller så les vi ein andeleg tekst. Vi les på engelsk, tysk eller gresk, men om vi finn noko på norsk, kan vi godt bruke det, seier Agathangelos.

Nettopp tekstar arbeider ofte munkane med når dei tar fatt på dagens oppgåver. Det er mykje som treng oversetting til norsk.

Andre daglege gjeremål er matlaging og husarbeid, støyping av lys og det å gjere klart til neste gudsteneste. Nokre dagar er det tid for eit møte, og andre dagar skal nokon ut og reise, kanskje til eit anna kloster eller til eit møte knytt til det nye klosteret.

Søker songarar

Ti på fem er det bøn, før vesper, som er kveldsgudsteneste med eit rikt musikalsk innslag.

Fader Agathangelos seier at han saknar nokon å synge i lag med, og at han har eit stort ønske om at nokon kan vere med og øve inn litt ortodoks kyrkjesong i klosteret.

– Når det er festdagar og andre store dagar kan nokon kanskje kome og hjelpe til med å synge, seier faderen håpefullt.

På munkecelle

– Klokka 21 er det stille. Då går alle på munkecellene, og har eit personleg program med lesing frå bibelen og kyrkjefedrene, og lesing av Jesusbøna med bønereima. Kvar munk har ei rettleiing etter klosteret sin andelege far, og kan så kvile til neste dag, fortel fader Antipas.

Han seier at slik er ein vanleg dag, men så er det alle unntaka. Munkane reiser ein heil del, og fader Antipas kan bli kalla å reise, når det er nokon som treng han, slik som til dåp.

Fader Agathangelos seier at det kan vere at dei har besøk eller at dei er vekke.

– Om vi ikkje kan halde gudsteneste ber vi i hjarta våre, seier han.