Frøysjørock spelar på vennskap, og det gjer at ting går framover.

– Vennskapet har mykje å seie for bandet og for at vi skal greie å spele i lag så bra som vi gjer, seier Ole Martin Foss Iversen (13) i Frøysjørock.

Sidan starten i fjor vår har dei unge Kalvåg-musikarane øvd og spelt mykje for å få musikken til å bli bra, og publikum har fått lyst til å høyre meir av dei. Neste gong bandet står på scena er på Kalvåg Kystfestival neste helg.

– Vi har bakgrunn frå skulemusikken, seier Håvard Grotle Røys (16), som er vokalist, og fortel at alle i bandet spelar i Kalvåg Skulemusikk.Frøysjørock øver kvar søndag, og framfor konsertar blir det ein god del meir.

– Vi vil bli flinkare og utvikle oss til å klare å spele vanskelege songar, seier Håvard Grotle Røys.

Det starta med litt enkle melodiar innan poprock, bluesrock og balladar. Men ein av dei siste songane på repertoaret er Hjerteknuser av det norske rockebandet Kaizers Orchestra, og vokalisten seier at dette er musikk som krev godt samspel.

– Når vi spelar Hjerteknuser må vi vere vakne og følgje med, og vi må stole på kvarandre.

Ellers tilpassar Frøysjørock musikken til det publikumet dei spelar for. I tida framover kan det godt hende at det blir meir dansemusikk. Og det fine med å ha nokre medlemer av bandet som går på kulturskule, er at dei kan ta med nye songar til bandet.

Hans-Kristian Holthe seier at han gjerne tar med ting han lærer i kulturskulen og viser til andre.

Alle utviklar seg positivt. Og Ole Martin Foss Nybø er glad for å ha fått spelt ein del solo.

– Vi blir alle flinkare til meir vi øver, seier han.For det unge bandet har det vore greit å få litt drahjelp i starten, slik som med transport av utstyr.

– Vi får låne trommesett frå kulturskulen, og det er vi takknemlege for. Vi hadde ikkje hatt eit band utan det, seier Håvard Grotle Røys.

Når det trengst spør ein også kulturskulen om å få låne songanlegg.

I desse dagar tenker bandet kanskje å kjøpe eigne trommer.

Det er Eirik Grotle Røys (20) som spelar trommer, men når han er i det militæret er det Mats Sundsøy og Odin André Frøyen som steppar inn.