Skiskyttarforbundet heidra to lokale bidragsytarar under forbundet sitt ting i Stavanger denne helga.

Forbundet sitt Heidersteikn gjekk til Arve Heimdal og utmerkinga Standard gjekk til Ivar Asbjørn Melheim, for framifrå innsats. Begge frå Eid kommune.

Arve Heimdal mottok forbundet sitt heidersteikn.

– Å få denne utmerkinga heng høgt. Heidersteiknet kan tildelast skiskyttar eller leiar som har oppnådd framifrå resultat i nasjonale og internasjonale konkurransar, eller har framheva seg i arbeidet for NSSF på en spesiell måte, skriv forbundet i ei pressemelding.

Hedersteiknet er forbundet si høgste utmerking for idrettslig og administrativ innsats. Hedersteiknet gis som jakkemerke i gull.

Heimdal har gjennom mange år vore ein av pådrivarane for skiskytinga i Eid og Sogn og Fjordane. Han var den andre leiaren i av Sogn og Fjordane skiskyttarkrins etter at skiskyting vart eige forbund i 1983.

Han var ein av initiativtakarane til  Nordfjord Team Skiskyting i 1985. Eit samarbeid mellom klubbane i Nordfjord som tek ansvar for den sportslege satsinga for dei eldste rekruttane, junior og senior løparar i krinsen. Strukturen for dette teamet har vore ein modell for team som har starta i andre delar av landet.

– På tinget i helga var hans optimisme og evne til å sjå løysingar når andre for lengst har gjeve opp trekt fram. Ein episode i samband med at Stårheim og Heggjabygda arrangerte hovedlandsrenn i 1990 vart trekt fram. Trass store mengder nedbør i form av regn gav Arve aldri opp trua på at rennet skulle avviklast. Reservearena ble på kort tid bygd, og rennet vart avvikla skriv dei i pressemeldinga.

I tillegg til dette rennet, har Stårheim og Heggjabygda 2 gonger seinare arrangert store renn. Dette var Hovedlandsrennet i 2000 og NM senior i 2002. Begge med Heimdal som ein av drivkreftene bak  arrangementa.

Ivar Asbjørn Melheim frå Heggjabygda er tildelt Skiskyttarforbundets Standard

Melheim var i likskap med Heimdal ein av initiativtakarane til Nordfjord team. Han var organisatoren og leiaren av teamet dei fyrste 12 åra, og drivkrafta bak  å skape den strukturen som gjorde at teamet vart eit sterkt ledd, og ein modell for andre team. Han var og den som dreiv fram det økonomiske grunnplanet i teamet.

Han var ein av initiativtakarane til at Eid kommune fekk to sterke skiskyttarklubbar, Stårheim og Heggjabygda. Og drivkrafta for at desse klubbane saman søkte og arrangere Hovudlandsrennet i 1990 og 2000, og senior NM i 2002.