SKISKYTING: Isak Flo Bødal frå Stårheim IL vann finalen i Norgescupen i si klasse denne helga og vart nummer tre samanlagt i cupen. Skiskyttaren meiner det har vore ein jamn sesong.

Flo Bødal vart med dette nummer tre samanlagt i Norgescupen i si klasse, men sjølv trur han resultatet kunne blitt enno betre.

I tillegg til å gå Norgescuprenn deltok også Flo Bødal på sprintdistansen under NM, som også vart arrangert på Dombås denne helga. Der vart han nummer 21, på plassen føre Tarjei Bø.

Stabilt nivå

Flo Bødal meiner totalt sett det har vore ein grei sesong, der han har klart å utvikle seg.

– Eg har greidd å stabilisere meg på eit nivå som er bra, men eg manglar toppnivået. Eg går jamt gode løp, så eg er eigentleg fornøgd, seier han.

Skiskyttaren frå Stårheim vart teken ut saman med fire andre i si klasse til å representere Norge under årets junior-VM som vart arrangert i Cheile Gradistei i Romania. Den beste plasseringa til stårheimaren vart ein 5.-plass på sprinten.

– Det vart litt stong ut i VM. Eg var litt uheldig med forholda og skia, og i tillegg gjekk det litt dårleg på skytinga, forklarar Flo Bødal, og legg til:

– Det har ikkje vore så mange løp som skil seg ut verken i den eine eller andre retninga. Eg har gått jamt gode løp og gjort det jamt bra, noko eg må vere fornøgd med.

Lar seg inspirere

Sesongen har vore god for fleire lokale skiskyttarar. Brørne Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø sin innsats under VM på heimebane har inspirert Flo Bødal i eiga satsing.

– Dei gjer det veldig bra. Eg trur dei inspirerer alle frå Sogn og Fjordane, Dei viser at det er mogleg å nå opp i toppen i internasjonal skiskyting.