Regine Nesheim frå Eid vart i helga Europameister i lagskyting. Individuelt tok ho ein sterk 7. plass under meisterskapen for juniorar i Tallinn.

I kommunestyremøtet i Eid onsdag vart skyttaren heidra for innsatsen.

– Det er utruleg stas med ein Europameister. Skyting er ein stor idrett, og det å hevde seg i toppen i Europa er veldig bra. Vi er veldig stolt, sa Alfred Bjørlo om prestasjonane til Nesheim..

Sjølv syns 18-åringe det var stas å bli heidra.

– Det er veldig kjekt at folk legge merke til det når ein hevdar seg. Det er ikkje så mykje merksemd rundt sporten, så dette var kjekt.

Skarp prestasjon

Skyttaren frå Eid var ein av tre jenter som vart teken ut til EM for juniorar i Estland førre helg. Alle dei europeiske nasjonane kunne stille med tre jenter og tre gutar. I konkurranse med 60-70 skyttarar i rifleøvinga gjorde Nesheim og dei andre norske det svært skarpt.

– I den innleiande konkurransen gjorde alle tre det bra. Jenny Stene var på tredje, eg på fjerde og Jenny Varne på sjuande plass før finalen, der dei åtte beste fekk delta. Det har aldri skjedd før at heile laget kom til finalen, så det var utruleg kjekt, seier Nesheim, og legg til:

– Sidan det er totalsummen frå den innleiande skytinga som avgjer lagkonkurransen, var det ganske openbart at vi tok den sigeren.

Kjente spenninga

I finalen skaut juniorane fyrst 15 skot på kne, 15 på ligg og 10 skot ståande. Deretter rauk to skyttarar ut, og så skaut deltakarane eit og eit skot, der den dårlegaste måtte forlate finalen for kvart skot. Nesheim gjorde det svært godt i fyrste del av finalen.

Nesheim fekk som ein av tre norske juniorjenter reise til EM, no satsar ho på å halde på plassen på laget.

– Vi skyt uttaksstemne i løpet av sesongen, og dei tre beste får reise. Eg har vore på topp der gjennom sesongen, så no må eg forsvare plassen. Fyrste sjanse blir i Elverum komande helg, fortel skyttaren.

Håpar på OL

Nesheim har dei tre siste åra gått på Norges Toppidrettsgymnas på Lillehammer, men no set ho kursen tilbake til heimfylket for å studere eigedomsmekling i Sogndal.

Neste år er det to EM for juniorane og eit VM, men 18-åringen frå Eid ser allereie lenger fram.

– OL i 2020 hadde vore utruleg artig. Det er eit hårete mål, men ein må ha noko å satse mot, seier Nesheim, som har drive med skyting sidan ho var sju-åtte år, men berre drive med internasjonal skyting i tre år.