Fire minutt inn i kampen på Bremanger stadion gjekk eit utspark frå Vik-keeper Stig Roar Hovland i mål bak heimelaget sin keeper.

Men raudtrøyene let ikkje dette stoppe dei. Vertane dominerte kampen, men fekk ikkje utteljing. Etter 20 minutt ropte riktig nok Bremanger-spelarane på mål, men dommaren meinte ballen ikkje var inne og let kampen gå vidare.

Etter pause fekk bremangarane løn for strevet. Ti minutt inn i andre omgang slo Martin Klakegg Hauge eit brassespark rett i mål etter eit fint innlegg av Martin Senneset.

Men det var fleire heimespelarar som ville vise seg fram. Seks minutt etter Lyngstad sin corner kom Aruna Ntege Cone aleine med keeper. Han gjekk forbi og sette ballen kontrollert i mål.

Eit minutt på overtid melde også Håvar Mjølkeråen seg på scoringslista. Han heada ballen i mål etter eit innlegg frå Tore Rylandsholm.

Tre minutt seinare noterte den femte Bremanger-spelaren for med ei scoring. Eirik Rylandsholm får putta ballen i mål, etter at han får dempa ballen etter eit skot frå Gøran Larsen.

I Kretsligaen har også Eid vore i aksjon i dag. Gultrøyene tok i mot tabelljumbo Høyang på Eid stadion.

Gjestane opna kampen med mange mann i forsvar, og det kunne verke som Høyang ville forsvare seg til poeng. Etter halvtimen spelt kom gjestane meir inn i kampen, og det var sjansar til begge lag, men ingen av laga fekk utteljing.

To minutt seinare utlikna Høyang. Målet kom etter eit frispark ved cornerflagget til Eid.

Vertane pressa på for å få med seg tre poeng frå oppgjeret, men det klarte dei ikkje. Sluttresultatet vart 1-1.

I 5. divisjon fekk Selje eit tøft møte med Jølster på Skei stadion. Gjestane gjekk til pause med tre baklengs i bagasjen.

I andre omgang reduserte gjestane først ved Mikal Osmundsvåg. Målet kom etter eit fint angrep og ei kontring, som førte til at Osmundsvåg kom aleine med keeper.

4-1 målet kom på eit langskot frå om lag 40 meter. Litt seinare i omgangen sørga Kenneth Pedersen, etter eit innkast, for nok ei redusering. Likevel måtte gjestane sjå seg slått 4-2.