FOTBALL (J16 Åheim - Bækkelaget Team Bacon 16-0): Det blei målrekord for fjorårets finaletapar Åheim då dei møtte Bækkelaget Team Bacon mandag.

Men seieren smakte berre heilt greit, for dei rosakledde og fnisete Bækkelaget-jentene er kanskje det mest useriøse laget Åheim har møtt i Norway Cup så langt.

- Ja, desse burde kanskje vore på ein annan cup. Det verka ikkje som dei tok dette så seriøst, seier trenar Pål Hellebust etter 16-0. Så mykje har aldri Åheim vunne over nokon i Norway Cup før.

Bra spel

Det var betre motstand søndag for Åheim, sjølv om dei vann komfortable 4-0 mot Halsnøy. Med heile 16 mål mandag er målforskjellen 20-0 etter to kampar. Tysdagens motstandar Medkila tapte kampen sin mot Halsnøy mandag, så alt ligg til rette for at Åheim skal komme ut av gruppespelet med full pott.

- Det er bra dette, og ei målsetning må være å score meir mål enn vi gjorde her i fjor. Då scora vi 83 mål totalt, seier ein ambisiøs trenar.

Målet er A-finale igjen

Det blei A-finale for Åheim i fjor. Der tapte  dei 4-0 mot Håkvik etter ei strålande veke i hovedstaden. Då nådde dei også A-sluttspelet med 23-1 i målforskjell. Det ser ut til å gå på skinner så langt i år også, så lagets målsetningar er klare.

- Vi må jo til finalen, det er målet, seier trenar Hellebust. Kaptein Kajsa Beitveit er enig.

- Vi spelar veldig godt i lag, og i dag fekk alle prøve seg foran mål, seier Kajsa. Men til tross for 16-0 synes ikkje Hellebust at målkanonene er heilt innstilt enda.

- Det er mykje som går over mål. Sløsing kan vi ikkje ha, for det kjem viktigare kampar enn denne der vi treng å sette alle sjansar, seier han. Og når kanonene er innstilte får vi håpe på fleire enn 83 mål og finaleplass for jentene frå Åheim også i år.