FOTBALL (G14 TMFK - Hegra 2-3). Det starta bra for TMFK i kampen mot Hegra mandag kveld. Så fikk laget nokre dommaravgjerelsar mot seg, og frustrasjonen tok over.

Det sto nemleg 2-0 til pause for TMFK som putta to tidlige mål mot Hegra. Og så langt såg det ut til å gå på skinner, dagen etter at dei utklassa Batnfjord i åpningskampen på Valle Hovin med heile 11-2.

Totalkollaps

Det blei med andre ord totalkollaps i andre omgong for TMFK-spelarane mandag. Jonas Våge scora begge måla i fyrste omgong. 2. omgong forblir eit stort spørsmålsteikn for TMFK-spelaren.

- Eg veit verkeleg ikkje kva som skjedde, seier ein skuffa og ordknapp målscorar. Dei møtte eit tøffare lag enn søndagskampen mot Batnfjord.

- Vi visste at dette nok var det beste laget i gruppa vår, seier Jonas. For å kome til A-sluttspel må dei slå Vålerenga sitt andrelag tysdag.

- Eg trur vi kjem til å slå dei. Vi har eit par kneskadar, men utover det står det bra til med oss, seier tomålscoraren.

Gule kort

Det blei nokre gule kort i andre omgong for TMFK. Eit til kaptein Kristoffer Nore og eit til sidelinja.

- Det blei litt hett rundt øyrene ut på her i andre omgong. Men vi må forholde oss til det som blir dømt, seier trenar Ingar Lillebø. Han har ein liten jobb å gjere med gutane sine.

- Vi må få opp moralen deira. Vi slit litt når det går i mot oss, seier trenaren.

Vålerenga slo forøvrig Hegra i sin fyrste kamp i Norway Cup, før dei overraskande nok tapte mot Batnfjord mandag. Med det er det vanskelig å spå kva som blir utfallet av TMFK sin kamp mot Oslo-laget i turneringas tredje dag tysdag.