Leiar i Sogn og Fjordane turlag Marino Ask meiner både verdimessig og tryggleiksmessig at det ikkje er gunstig å etablere ei Via Ferrata-løype i Hornelen.

- Det primære synet til turlaget er verdispørsmålet knytt til prosjektet. Vi ser på Hornelen som eit kulturminne, eit nasjonalt landskapsikon. Vi synest, ut i frå ein naturvernståstad, ikkje ein skal gjere eit slikt inngrep i naturen, seier Marino Ask til Fjordenes Tidende.

Har forståing for reiselivet

- Eg kan forstå at ein slik Via Ferrata er med på å styrke reiselivet, og vi er ikkje prinsipielt imot det. Det er lokaliseringa som er feil her. Eg vill tru ein kan finne ei anna lokalisering, eit anna fjell som ikkje er så høgt og så krevjande som dette, seier han.

Han trur det kunne blitt ein like stor kommersiell suksess.

For det er ikkje berre det etiske ved å forstyrre eit landskapsikon som har vore urørt i tusenvis av år, men også det tryggleiksmessige, turlaget uroar seg for.

- Dette er ein av dei mest vindutsette plassane i landet, med mykje nedbør og skodde. Skodda på toppen er allereie ei stor utfordring i dag for dei fotturistane som er der. Tryggleiksmessig er prosjektet svært krevjande, og allemannsretten vil gjelde. Det er fri ferdsel og ein kan ikkje stenge løypa, seier han.

- Så du ser for deg at folk må hentast ned med helikopter? Og at der også vil vere dagar når eit redningshelikopter ikkje kan ta av?

- Ja, og då kan ein jo spørre seg om ein med offentlege midlar skal legge til rette for eit såpass risikofylt prosjekt. Anlegget i Loen er i eit heilt anna klimamessig område, og mykje lågare.

Vil følgje norsk friluftstradisjon

- Utan Via Ferrata, korleis skal ein klare å trekke fleire folk til Hornelen og Bremanger?

- Kommunen har store mulegheiter for å utvikle eit naturbasert reiseliv tufta på norsk friluftstradsjon. Det er ofte litt underkommunisert. Bremanger er ein fantastisk kommune med store opplevingar å tilby tilreisande. Det er heilt unikt på fastlandet med Gjegnen og Ålfotbreen, og så har ein jo ikkje minst Bremangerøya. Og Hornelen kan friklatrast på tradisjonelt vis, og ein kan legge opp til fotturar frå Hunskår, Berle og andre stader, seier Ask, og legg til:

- Keipen turlag har jo gjort ein formidabel jobb med å merke fotruta frå Hunskår. Og det er jo, med eit forsiktig anslag, allereie 2.000 fotturistar til Hornelen kvart år. I eit reiselivperspektiv er ikkje det utan betyding.

- Men Via Ferrata-prosjektet bidreg jo til at fleirfoadige millionar skal brukast på eksisterande stiar og fasilitetar som sanitæranlegg og parkering. Det er jo positivt.

- Eg gir Bremanger stor honnør for å gi pengar til friluftstiltak, og betre parkering på Hunskår er absolutt bra. Men det er også andre plassar i Bremanger ein kan jobbe med å legge til rette, avsluttar Ask.

Har tryggleiken i fokus

Dagleg leiar i Visit FjordKysten Wenny Irene Hansen seier dei er klare over at det ikkje er alle som er positive til planane.

- Folk har ulike interesser. Men vi ønskjer å ha ein god dialog og utvikle eit produkt som alle kan leve med.

Per i dag ventar dei på geolograpporten som vurderer kvaliteten på fjellet.

- Vi har ikkje fått rapporten enno, men det ser bra ut. Samtidig må vi tenke på at det er ein sprekk helt oppe som må sikrast, og at dette er eit fjell som må passast litt ekstra på. Det er viktig å ha god HMS-tankegang gjennom heile prosjektet.

Fakta:

Via  Ferrata Hornelen

Via Ferrata er italiensk for «jernveg», og betyr ei sikra løype med jernsteg og vaier opp fjellet.

Det første prosjektet inneheld også oppgradering av eksisterande stiar og bygging av parkeringsplass og sanitæranlegg på Hunskår, samt tilkomststi til Via Ferrata.

Fleire aktørar, deriblant Bremanger kommune, går saman om prosjektet, og det er søkt/skal søkast om midlar.

Prosjektet er kostnadsberekna til 4,15 mill.

Sjølve Via Ferrata-løypa er tenkt bygd som eige prosjekt seinare.