Namn: Saron Ervik Bugjerde

Alder: 20 år

Sivilstand: Singel

Yrke: Røykdykkerinstruktør i sjøforsvaret

Bustad: Bergen og Refvik

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av fotball fordi at det er kjekt.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida spelar eg fotball og er med kompiser.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar bestemora mi fordi ho har ein bra personligheit.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min er nok Refviksanden fordi den er så vakker.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– Tornado Måløy imponerte i 16. mai-oppgjeret.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Hadde eg vert ordførar for en dag hadde eg prøvd å få lagt ei kunstgrasbane på Skaredammen Idrettspark.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Malakoff Rockfestival i fjor.

– Kva har du på nattbordet?

– En flaske vatn og telefonen min.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– TV2 Sporten og Liverpool FC si heimeside.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å ha det gøy.