Namn: Janne Endal Andersson

Alder: mellomaldrande

Sivilstand: gift med Mats Andersson og tre barn: Elisa, Lukas, Selma

Yrke: formannskapssekretær

Bustad: Ville Villa Nordfjord

– Kva er du mest oppteken av?

–  Utanom jobb, er eg akkurat no mest oppteken av lanseringsfesten for kremlikøren «Fjording» på Hoven Loen 2. juni. Øyvind Løkling frå Eid er gründer av Norges første kremlikør som skal utfordre internasjonale merkevarer! Dette er eit veldig kjekt og energigivande prosjekt der vi har fått til eit utruleg godt samarbeid med gjengen i Loen og fått på plass spennande artistar! Det blir ein heilt magisk fest i skyene i med verdas fagraste utsikt over fjordlandskapet.

– Kva gjer du på fritida?

Å karre meg til ein fjelltopp og ta inn Nordfjord-naturen med alle sansar – då kjenner eg livet i meg! Ski om vinteren, mest langrenn og litt telemark. Eg har vikingblod som brusar i årene og har ei sterk utferdstrong og eventyrlyst. Eg er glad i å reise og bu i utlandet og eg elskar Italia! Samtidig er eg veldig glad i Nordfjord og reiser gjerne til Måløy, Selje eller Stryn på ein fridag eller ettermiddag, eller ein tur til Ålesund berre for å gå på favorittkaféen Invit! Mat! Eg elskar god mat anten eg får den servert på stamstaden Aske, eller eg lagar eit godt måltid til gode vener eller familien. Eg reiser stadig til Måløy og et sushi, Thai eller verdas beste fisk på Kraftstasjonen.

– Kven beundrar du?

– Eg har alltid beundra farmor og mormor. Farmor, Jenny Endal, var født i 1911 og eldst av elleve søsken og bondedotter på Bjørlo på Eid. Ho ville ta utdanning og bli sjukepleiar, men det var uhøyrt på den tida. Ho gav blaffen i konvensjonar og gjekk på bygda og spurde kjøpmenna i Eidsgata om lån til å ta utdanning. Det fekk ho til slutt og tok sjukepleiarutdanninga si i Bergen, og jobba med stor glede ved Nordfjord sjukehus heile livet. Ho var full av godleik, men var også tøff og uredd – og lurte også nazistane under krigen. Mormor Gunda Brekke kjem frå fjellgarden Brekke i vakre Oppstryn. Ho reiste tidleg heimafrå som tenestejente og jobba på mange av fjordhotella i fylket, mellom anna på Walaker hotell i Solvorn.  Ho overtok etter kvart fjellgarden i Oppstryn og jobba med hardt gardsarbeid resten av livet. På garden var det alltid mange store gjestebod, og ofte kom folk heilt uventa. Likevel diska ho opp med det ho hadde og med ein gjestfridom og ei glede som gjorde at alle var «gilde» i ho. Eg trur det er denne gode kjensla av å vere so hjarteleg velkomen eg sjølv prøvar å gjenskape når eg lagar eit måltid, det kan vere ein enkel pastarett eller eit storslagent måltid. Det som betyr noko er den gode stemninga rundt bordet. Der er forresten italienarane heilt suverene.

Eg beundrar dei som har store visjonar og usannsynlege draumar og som jobbar hardt og målretta for å nå dei, sjølv om andre rundt ikkje delar trua. Her i Nordfjord har vi mange fantastiske eksempel: Norges første operahus og operaforestillingar i ei lita fjordbygd, Moods of Norway – som på eit tidspunkt var Norges mest kjende merkevare, Ricco Vero som vart etablert i Olden i 1936 og som fortsatt eksisterar i dag og blir seld i heile landet, Lefdal Mine Datacenter – Norges største datasender inne i eit fjell, Coast Seafood som eksporterar fersk laks og sjømat til heile verda – med base i Måløy,  Loen Skylift og Hoven restaurant – på toppen av eit bratt fjell 1.000 moh og på topp 20 lista over «The Guardian si liste over beste Nordiske sommaropplevingar», bygginga og gjenskapinga av Myklebustskipet og Sagastad, Minibakeriet med konditor frå Rockefeller Center i New York og Aske Gatemat og bryggeri – med gourmetmat på bygda, når tre jenter i vår næraste omgangskrins vinn MGP jr to år på rad, magiske Malakoff Rockfestival og ei elektroklynge som går so det gnistrar! Alle desse draumane har blitt virkelige med hardt arbeid, trua på at ein skal lukkast, entusiasme og pågangsmot. Eg håpar ungdomen let seg inspirere til store draumar og ha tru på seg sjølv og at alt er mogleg!

– Kva er det beste med heimstaden din?

Eg ser på heile Nordfjord som heimstaden min. Det er mykje bra i Eid, men Eid hadde ikkje vore like attraktiv for meg om det ikkje hadde vore for alle perlene som ligg i radius rundt, inkludert Norges vakraste by -  Ålesund.

1. Natur og opplevingar: For meg er Nordfjord «Alt i ein fjord». Her om dagen hadde eg vore opp på Hoven Loen inst i fjorden med fjell, fjord og brear på alle kantar, på ettermiddagen bada eg i havet på verdas vakraste strand, Halsør, og om kvelden satt eg heime i hagen med eit glas vin og med utsikt mot fjorden og snødekte fjell. Eg likar at landskapet endrar seg totalt på 100 km og heile fjorden er smekk full av heilt fantastiske natur- og kulturopplevingar, anten ein vil surfe på Stad, gå ei mil på ski eller på ein fjelltopp etter jobb, vere litt tøff og gå Via Ferrata eller Skåla Opp, ete god mat, eller gå på festival eller konsert. Folk i Oslo som følgjer meg på Facebook trur at her aldri regnar – og at her er action heile tida. Det er (nesten) heilt sant!

2. Å leve fritt: Det aller beste med Nordfjord er at vi lever so ufatteleg fritt. Eg har budd i Oslo og i byar i utlandet, og vi er virkelig priviligerte som kan leve slik vi gjer. Vi kan gjerne køyre 5-10 mil til jobb eller ein aktivitet, men vi slepp å køyre i kø på grå motorvegar. Vi køyrer fritt i eige tempo i eit vakkert landskap som heile tida endrer seg. Etter køliv i Oslo kan eg ikkje få sett nok pris på akkurat dette, det er so deilig! Men aller viktigast, ungane mine veks opp med ein fridom som vi kanskje ikkje tenker over. Vi bur i ei lita bygd der dei i tidleg alder fekk oversikt geografisk. Frå dei var små fekk dei gå åleine til bakaren og kjøpe ein bolle og kjenne på den herlege fridomen og sjølvstenda. Det er ein utruleg god følelse. Dei kan gå til og frå skule og aktivitetar, dei kan gå for å treffe venner. Samtidig har dei ein tryggleik. Folk veit kven dei er eller finn ut kven dei er om dei treng hjelp eller noko skulle skje, eller dei hjelper nokon om andre skulle trenge hjelp. Yngste døtra mi stakk av heimafrå i lag med ein kamerat. Dei «trudde» dei hadde gått seg vill på Nordfjordeid og gjekk for å be politiet om hjelp, men kom seg ikkje inn. Då gjekk dei på Didriks kafé og spurte om dei kunne ringe heim til foreldra. Alt ordnar seg! Slik er det med det meste. Folk hjelper kvarandre og bryr seg om kvarandre.

3. Å bry seg: Når ein bur i store byar kan ein lett bli fanga av ein slags kjensle av å vere nomen og likegyldig der ein har nok med seg sjølv. Då mistar ein noko viktig i livet. Når eg kom heim til Nordfjord kjende eg gnisten og kor godt det er å kjenne at ein bryr seg. Vi er heldige som bur på ein liten stad der folk bryr seg – på godt og vondt. Det er så mange i denne fjorden som engasjerer seg, tek vare på kvarandre, hjelper kvarandre og framsnakkar kvarandre. Ulike meiningar er sunt og bra, og om folk har negative meiningar så synest eg det er greitt også – det er verre med likgyldigheit og folk som ikkje bryr seg.  Det at ein bryr seg gjer også at dugnadsånda er veldig levande i Nordfjord, her er veldig mange som stiller på dugnad – med glede. Dette er med på å skape ei fellesskapskjensle – og at vi kan få til store ting saman. Eg trur det er veldig sunt for ungar å vekse opp på ein stad der dei ser at folk i alle aldrar stiller opp for å hjelpe kvarandre.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– To feite overskrifter: Nordfjord - Europas svar på Silicon Valley!

Lefdal Mine Datacenter er fylt opp og fleire store globale IT-aktørar etablerer Europa-kontor i Nordfjord. Det er venta 30.000 nye arbeidsplassar på desse Europa-kontora. Nordfjord er no hovudstaden for IT i Europa, noko som har ført til at regjeringa kastar seg på IT-bølgja og opprettar eit nytt departement ITD (IT Departementet) som skal ligge på Bryggja.

Og:  Nordfjord har blitt kåra til den «hottaste» reiselivsdestinasjonen i Europa!

Det er reiselivsmagasinet Condé Nast Traveller som står for kåringa. National Geographic og BBC vil no lage ein storslagen dokumentar om naturen, opplevingane og kvardagslivet i Nordfjord.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

Samla Nordfjord til ein kommune (inkludert Hornindal og Vågsøy).

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

–  Den sommaren eg flytta heim til Eid og Madeleine og Sofia Berg spelte fiolin saman med Olga Pavlova ute på trappa på Kulturhuset Gamlebanken på Eid.

– Kva har du på nattbordet?

–  iPhone, ein tom Cola Zero-boks og eit bilde av Mats.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

Fjordabladet, Fjordingen, Fjordenes Tidende, Nrk SFj, Nrk og Tv2

– Kva er meininga med livet?

– Å ikkje berre eksistere, men kjenne at ein lever!