Namn: Sander Gulliksen

Alder: 18 år

Sivilstand: Singel

Yrke: Student med jobb ved sidan av

Bustad: Bur i vakre Leirgulen

– Kva er du mest oppteken av?

Eg er veldig opptatt av miljøet, fordi eg kunne gjerne tenkt meg at den framtidige slekta mi får opplevd det eg har fått gjort. I tiillegg synest eg forholdet mellom Donald og Putin er ganske interessant.

– Kva gjer du på fritida?

– Vel, det eg gjer mest av på fritida må vere diverse hobbyar og trening. Trivst veldig godt med damene mine på volleyballbana og styrketrening ellers.

– Kven beundrar du?

– Eg beundrar alle rundt meg som taklar dei utruleg dehydrerte vitsane mine.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med Leirgulen er roa, dei estetiske naturomgivnadane vi har her, og ikkje minst folka som bur her.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

– På mi framside av Fjordenes Tidende står det at «Bremanger kommune slår seg saman med Gloppen kommune, der den ettertrakta vegen mellom Ålfoten og Hyen blir bygd».

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Eg ville gjort alt som stod i mi makt for å redde barneskulane ute i bygdene og jobbe for nye boligar og meir tilflytting.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Det var enten då eg ikkje drog på skule for å bli med på Justin Bieber konsert i 10. klasse eller russetreffet på Lillehammer med D.D.E

– Kva har du på nattbordet?

– På nattbordet mitt ligg mobilen min, Hansa julebrus og påskeegg.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Besøker gjerne TV2 og VG for litt nyheiter, ellers Facebook og kanskje Netflix.

– Kva er meininga med livet?

– Meininga med livet er å gjere ting som du trivast med, slike ting du kan sjå tilbake på når du blir eldre.