Sju vil stelle dei gamle på sjukeheimen  – sjå namna her!

Søkarlister til stillingar i det offentlege er nettopp det, offentlege, med nokre atterhald. Og godt er det. Slik kan innbyggjarar og pressa granske og undersøke. Hindre kameraderi og nepotisme, og fremme kvalifikasjonsprinsippet og openheit som sjølvstendige gode. No har lokalavisene våre derimot dratt dette vesentleg for langt.

I kommunar som Kinn, Stad og Bremanger der det meste av makt og myndigheit er delegert frå politikken til den tilsette administrasjonen, så er det klart at media må skrive om kven som søker toppstillingane der og kven som til sjuande og sist får stillingane. Det same gjeld for andre nøkkelstillingar. Det finst gode argument mot offentlege søkarlister, men argumenta for openheit i tilsettingsprosessar og om løn mv. er fleire og tyngre. Folk som søker makt og inntreden i den kommunale løns- og pensjonsadelen må som ein del av pakka tole å få namnet sitt på trykk i avisa. Sjølv om det kan vere ubehageleg, kanskje spesielt om ein ikkje vinn fram med sin søknad.

Med denne presiseringa vil eg no gjere den dødssynda det er å rette ein moraliserande peikefinger mot pressa.

«Treng miljøterapeut: Seks har søkt» skriv Fjordenes Tidende frå Stad kommune 14. januar. Nokre dagar før skreiv same avis: «Tre kvinner har søkt på stillinga som helsefagarbeidar ved Seljetunet i Selje». Firdaposten har laga tilsvarande saker om stillingar i barnehage og ved omsorgssenteret i Svelgen, fagarbeidar- og lærarstillingar i Kinn, for å nemne nokre. Alle med tilhøyrande opplisting av dei enkeltmenneska som har tatt steget og søkt jobb. Enkeltmenneske som ikkje søker makt, men som søker jobb. Det bør dei få søke utan å måtte lese namnet sitt i lokalavisa.

Sjølvsagt kan det tenkast at det kan ha journalistiske poeng å skrive om kven som har søkt også anna enn leiarstillingar. Det kan handle om mangel på kvalifiserte søkjarar, at det er positivt med mange søkarar til ei stilling, at det er mange frå andre stadar som vil ha jobb på våre kantar og så vidare. Dei fleste sakene om stillingar «på golvet» i kommunane våre refererer derimot berre ei offentleg søkarliste med namn på dei som har søkt, og inviterer til klikk og kikk.

Det tilfører svært lite av journalistisk verdi, kritisk samfunnsdebatt eller noko anna. Derimot kan det føre til at folk vegrar seg for å søke stillingar i offentleg sektor, og det i ei tid der vi treng mange fleire «på golvet» for å ta seg av våre yngste og dei eldste. Kva i alle dagar er då poenget?