Jacob Nødseth, venstrepolitikar og formannskapsmedlem i Kinn, stiller spørsmålet om kvifor lokalavisene legg ut så mange offentlege søkarlister, også til stillingar som ikkje er leiarstillingar.

Nødseth har mange gode poeng til kvifor det er viktig å ha innsyn i kven som søker, og til slutt får, toppstillingar og nøkkelstillingar i samfunnet. Det er heilt rett at det handlar om openheit. Openheit i og omkring sjølve prosessane, om korleis tilgangen på kvalifiserte søkarar til viktige stillingar er, at alt går riktig for seg i tilsettingsprosessen, og om løn og vilkår er riktige. Då kan søkarlista vere eit godt utgangspunkt å starte innsynsprosessen med.

Nødseth ser også at det kan ha journalistiske poeng å omtale også andre typar søkarlister. Grunnar han lister opp er å vise fram mangel på kvalifiserte søkarar, at det er positivt med mange søkarar til ei stilling, og at folk frå andre stadar vil ha jobb på våre kantar.

På den andre sida meiner han at det mister journalistisk verdi når det berre er ei liste med namn som blir publisert, og at ei slik liste heller ikkje inspirerer til kritisk samfunnsdebatt. Han trur listene kan føre til at folk vegrar seg frå å søke desse jobbane i ei tid der vi treng fleire «på golvet», som han skriv, og lurer på kva som er poenget for avisene då.

Det kan vi forklare.

Også her er nøkkelordet openheit.

Sjølv om det er snakk om såkalla «lågare stillingar» i samfunnet, er ikkje dette mindre viktige stillingar. Ikkje på nokon måte.

Mange vil kanskje meine at dette heller er ekstremt viktige stillingar. Dette er menneska som skal ta seg av den aukande mengda av eldre i institusjon og på omsorgssenter, dei skal ta seg av barna våre i barnehagar og skular og oss alle i det offentlege systemet, som for eksempel NAV. Då er det viktig vise både at der finst søkarar til jobben eller problematisere at det ikkje finst. Det er viktig å vise kven som søker, kva kompetanse dei har, og om det er nok eller ikkje nok søkarar til å gjere ei tilsetting.

Kanskje kan ein også seie at folk som skal ta vare på oss når vi er utsette og sårbare også har ei form for makt?

Vi legg heller ikkje ukritisk ut alle offentlege søkarlister. Vi har laga oss nokre reglar, som vi jamleg har oppe til debatt, og dei er vi sjølvsagt villige til å revidere igjen.

Her er noko av det vi har sagt til oss sjølve:

Det bør vere minst tre namn på søkarlista: Kanskje er det eit for lågt tal? Det skal vi diskutere igjen i redaksjonen.

Det skal i utgangspunktet vere heile stillingar, ikkje deltid eller sommarjobb: Dei gongane vi har lagd søkarliste på deltidsstillingar er det for å vise mengda av søkarar eller mangelen på søkarar. Kanskje er det tryggande både for bebuarar, kollegaar og pårørande at sjukeheimen ser ut til å få nok folk til drift gjennom sommaren, eller det motsette, sende ut eit varsku om at det her kan bli utfordringar? I slike saker vurderer vi om namna på lista skal med eller om ein berre skal halde seg til å juble for mengda eller problematisere mangelen.

Vi skal diskutere dette igjen i redaksjonen, og hovudregelen vår, som i så mange andre tilfelle, skal jo alltid vere «ver varsam».

Publisering skal også vurderast når det er snakk om «sensitive stillingar»: Vi unngår å publisere søkarlister som kan bidra til å identifisere eller sette fokus enkeltbrukarar av kommunale tenester. Den regelen held vi på.

Eit anna, og veldig viktig, poeng når det gjeld publisering av søkarlister er offentleglova og det juridiske aspektet. Lokalavisene er jo ikkje dei første som publiserer søkarlista. Det er det kommunen som gjer – på si postliste. Det er ein grunn til at det blei bestemt at slike lister skal vere offentlege, nemleg at fellesskapen skal ha moglegheit til å kontrollere bruken av fellesskapen sine midlar. Det kan også vere med på å synleggjere skeivheiter i samfunnet, som for eksempel at berre menn eller berre kvinner søker visse typar jobbar der ein kanskje ønsker ein miks av begge kjønn.

I offentleg sektor er det også slik at arbeidsgivar ikkje fritt kan velje kven som skal tilsettast. Hovudregelen er at den best kvalifiserte søkaren skal få tilbod om jobben. Gjennom innsyn i søkarlista er det dermed lettare for den enkelte – og også andre om søkarlista blir publisert i lokalavisa – å undersøke og kontrollere at tilsettingsprosessen har gått rett for seg.

Søkarlister er med andre ord også eit tiltak for å styrke innbyggarane sin tillit til forvaltinga.

Det er heilt klart ei utfordring at det kan verke avskrekkande for jobbsøkarar å få namnet sitt på den offentlege søkarlista – av ulike grunnar. Dette blir sjølvsagt endå meir synleg om søkarlista også blir publisert i lokalavisa.

Det ansvaret må vi i avisene vere klar over og ta våre avgjerder utifrå.

Men er det personlege ubehaget ved å stå på ei offentleg søkarliste eller risikoen for at det offentlege nokre gongar taper kampen om den best kvalifiserte arbeidskrafta, nok til å gjere endringar i ei innarbeidd og viktig lov?

Vi trur ikkje det.