Som kjent har Fjordenes Tidende redusert tal saker vi legg på Facebook for ei tid tilbake som ein del ein langsiktig strategi for å flytte publikumsdialogen over på eigne plattformer. Vi vil halde omtrent same nivå på Instagram, men skalerer ned innsatsen på Facebook og gjer oss mindre avhengige av tredjepartar.

Litt av grunnen er også at Facebook sine algoritmer ikkje lenger gir grobotn for god debatt, ettersom posta saker når kortare ut, vi ikkje kan vere sikre på at dei når alle vi vil nå, og at engasjement ikkje lenger gir den bonusen det gjorde før med at fleire blir nådd.

Facebook har også den ulempen at det er lettare å kommentere basert på tittel på saker ein ikkje har lese, og jobben med å moderere kommentarfeltet til tider kan bli stor. Også ei lokalavis må halde seg til pressa sine etikk-reglar. Ver Varsam-plakaten seier at «redaksjonen har eit sjølvstendig ansvar for å så snart som mogleg fjerne innlegg som bryt med god presseskikk.» At dette også gjeld på Facebook og andre sosiale medium, er presisert gjennom flere avgjerder frå Pressens faglige utvalg (PFU).

Vi styrker derfor våre eigne debattplattformer og opnar for kommentarar inne i redaksjonelle saker og debattinnlegg. Der vil debatten bli endå meir relevant, vi treffer fleire av dei som faktisk har, og burde ha, ei stemme i lokale saker, og vi får eit litt meir oversiktleg debattklientell.

Mange offentlege institusjonar som Datatilsynet, Sivilombudsmannen og Teknologirådet, og også fleire og fleire medier, vel å slutte å bruke Facebook heilt som kanal. Fjordenes Tidende kjem ikkje til å forlate Facebook, plattformen har svært mange goder også, men vi kjem til å bruke plattformen på det nivået vi har gjort det siste året, og til dei sakene som skapar engasjement på den måten som passar der.

Mediemangfaldet vil ikkje bli svekka, tvert imot, og samfunnsansvaret vil få endå betre kår når ein får nok ein debattarena, der debatten kan bli verkeleg relevant og tilliten til debatten auke.