Når aviser skal meine noko skjer det i kommentarformat som leiar- eller kommentarartiklar som er godt merkt som meiningsberande stoff.

Meiningsberande stoff er ikkje det same som ein nyheitsartikkel. På nyheitsplass skal vi vere nøytrale og balanserte, sjå på saker frå ulike sider og få fram motstridande synspunkt, medan ein journalist eller redaktør som skriv ein kommentarartikkel må la det gå tydeleg fram at dette ikkje er nyheitsformidling, men eit uttrykk for eiga personleg meinig.

Leiarartikkelen, på si side, uttrykker «avisa si meining». Den er i ein mindre redaksjon gjerne skrive av ansvarleg redaktør eller redaktøren kan delegere jobben til andre, sånn som han har gjort i dette tilfellet.

Å vere aktive med eigne meiningar i politisk debatt er dermed ikkje noko journalistar skal drive med. Det er ikkje greitt for enkeltjournalistar å uttrykke si personlege meining i ein nyheitsartikkel eller la den farge artikkelen. Det er heller ikkje greitt for enkeltjournalistar å blande seg inn i ein debatt og ta eit politisk standpunkt for eksempel i eit kommentarfelt på Facebook.

Facebook er ikkje avisa, sjølv om nokre av sakene ei avis publiserer i si eiga nettavis blir delt i sosiale medium.

I Ver varsam-plakaten punkt 2.2 står det at journalistar skal verne om eigen «integritet og truverd» og «unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonflikt eller føre til spekulasjonar om inhabilitet». Dette er nedfelt som ein regel fordi ein ikkje ønsker at ein journalist sitt samfunnsengasjement skal trekke uavhengigheita i tvil på ein sånn måte at vedkommande ikkje kan dekke temaet på nyheitsplass og samtidig halde krava.

Det er derfor ekstremt viktig for oss i avisene å halde grenseoppgangane klare.

Når aviser meiner noko blir ein fort kritisert og tillagt motiv. «Du er ikkje nøytral», seier folk. Heilt rett! I leiar- eller kommentarartiklar er ein ikkje nøytral, fordi det er ei meiningsytring.

Men så meiner avisa for lite, synst kanskje andre, for eksempel når ein ikkje vil delta i ein Facebook-debatt som går langt inn i tematikk ein journalist ikkje skal meine noko om. Og vips, så blir ein kritisert og tillagt motiv igjen.

Då kan det kanskje vere verdt å hugse på at alt ei avis set på trykk på sett og vis understøttar avisa si «meining» eller bodskap. Alt publisert stoff er godkjent av ansvarleg redaktør, og vår jobb er å informere, synleggjere konsekvensar, belyse fleire sider av saka, og gi plass til synspunkt og meiningar om saka, spesielt for dei gruppene som ikkje har ei sterk stemme og sjeldan får komme til orde.

Ta for eksempel skulestrukturdebatten i Kinn. Det er administrasjonen i Kinn si oppgåve å innhente alle fakta, og gjere undersøkingar og gode analyser av situasjonen. Det er politikarane si vanskelege oppgåve å drøfte og bestemme kva som skal bli beste løysing for innbyggarane, kommunen og kommuneøkonomien. Og så er det mediene si oppgåve å vise fram konsekvensane av å legge ned skular (eller ikkje legge ned skular), la innbyggarar, tilsette, elevar, fagforeininger og ekspertar, politikarar og administrasjon og alle som har noko å seie om saka, kome til orde med sine argument og synspunkt, sånn at alt kan kome på bordet.

Og ikkje minst må vi følge med i alle delar av prosessen og saksbehandlinga, og passe på at alt går rett for seg.

Avisa si «meining» om kommuneøkonomi og skulenedlegging, spør du? Jo, det er at skulestruktursaka er svært viktig, svært vanskeleg og svært krevjande for alle. I ei ideell verd vil ingen legge ned skular. Vi meiner politikarane må gjere sitt ytste for å sikre at dei tar rett avgjerd – ikkje minst av omsyn til dei yngste innbyggarane våre, elevane, som eigentleg er heile framtida til bygdene og lokalsamfunna våre.

Og det er nettopp derfor Fjordenes Tidende har prioritert den viktige debatten i sine spaltar, og i skrivande stund publisert langt over 30 artiklar og debattinnlegg dei siste tre vekene der mange forskjellige stemmer får ytre si meining og framføre sine argument.