Kvart år er det ekstra spesielt for oss i Fjordenes Tidende å sende ut juleavisa vår, som vi legg flid i å gjere stor og variert med mykje godt lesestoff til romjulsveka. Vi håpar du finn noko for din smak i årets utgåve, og at avisa kan vere til glede for små og store i jula.

Denne gongen får du mellom anna lese om Monica som dagleg står i kampen for å halde seg rusfri, Bente som har kjent seg frisk og fin heile livet, men som likevel har fått kreft to gongar, politistasjonssjefen som ikkje ser heilt for seg at han skal klare å vere 100 prosent pensjonist, eldsjela Gunvald på 84 som set si ære i å skape lyspunkt for eldre på institusjon eller Kristina som føler seg mest lykkeleg hengande under paraglideren sin, fri som fuglen.

Foto: Svanhild Breidalen

I jula kjem papiravisene fredag 22. desember, fredag 29. desember og fredag 5. januar. I tillegg vil sjølvsagt nettavisa, fjt.no, leve sitt eige liv gjennom høgtida og bli oppdatert som vanleg.

Inga julefeiring er lik, og i år får jula eit bakteppe av krig og konflikt, både i Ukraina og på Gaza, og mange andre stader i verda. Om vi har moglegheit til å hjelpe på nokon måte, bør vi gjere det. Vi kan også vere takksame for at vi går inn i julefeiringa i vårt fredelege land utan å vere redde for at det skal regne bomber og rakettar over oss.

Men også i verdas rikaste land er det mange som gruar seg til høgtider, og kanskje spesielt jula. Nokre fordi dei kjenner sterkare på at dei er einsame og aleine, og ikkje har nokon å vere saman med. Andre fordi høg rente og sterk prisvekst har ført til at dei slit endå meir enn før med å betale rekningar og kjøpe julegåver. Kanskje ser du nokon som har det sånn i jula rundt deg? Det skal ikkje alltid så mykje til for å glede andre. Berre det å kjenne at ein ikkje er åleine kan hjelpe.

Vi i Fjordenes Tidende håpar alle får det så bra som dei kan denne jula, og vil ønske alle ei god og trygg jul og julefeiring!