Båtrute til Silda

Etter lang og tru teneste er «Øyglimt» no under vurdering. For meg er det triveleg lesnad at båten etter over 40 års teneste er godt likt og ynskt av brukarane ei stund til. Når det er sagt, kan ein slå fast at tida ikkje har stått i ro sidan den leveringa.

Som kan hende fyrste fartøy i Noreg i materialet GUP sandwich vart «Øyglimt» prega av manglande erfaring og tiltru i Sjøfartsdirektoratet. Båten vart til dels overdimensjonert etter dei krav som kom seinare.  På grunn av mange anløp med fendring valde konstruktøren skrog med rundspanting. Dette og høg vekt gjorde båten nokså «våt» i vind og krapp sjø, men også roleg og med lite avdrift.

Støynivået vart betre ved seinare nybygg, og gode erfaringar med materialet førde til lettare skrog med høgare fart og mindre oljeforbruk. Ein leveranse til Færøyane med kryssing av Nordsjøen i 76 knops vind og 12 m bylgjehøgd vart vurdert i direktoratet. Men ei tid vart byggemåten og overvurdert, med delaminering og punktbelastning ved kai og slippsetting som nye problem,

Skyssbåten «Sea Service» frå Florø er nemd som ein aktuell erstatning. Dette var eit lettbygd fartøy med god fart, og høg finish med skinnseter for passasjerer m.m. Det er betydelig mindre enn «Øyglimt», og vil difor ha meir uroleg rørsle i sjøen. Men tryggleik i dårleg vêr i dei aktuelle farvatn er ikkje eit problem. Begge fartøy er bygd av WP i Blålid.

Ved valg av nytt fartøy er kartlegging av behovet veien å gå. Deretter utarbeider ein «spes» som omfatter brukarane sine behov, og desse bør takast med på råd. Truleg kan ein finne fartøy på bruktmarknaden som ligg tett opptil det aktuelle behov, men nybygg kan og vurderast.

Det verkar her som at vurderinga er starta i feil ende, med utgangspunkt i ein eksisterande båt som neppe er ideell. Særmerkt for «Sea Service» er eit omfattande overbygg og svært lite plass til last. Dekksplass, ei god kran og stabilitet mot krengemomentet er eit rimeleg krav for ei slik «bygderute». Brannutstyr bør og vurderast etter den merkelege avgjerda om stasjonering av redningskryssaren halve tida i Florø.

Dei mange år «Øyglimt» har gjort teneste indikerer kor viktig valet av båt er for framtida. Silda er ei naturperle og ikkje heilt usentral med avstanden til Måløy/Raudeberg og til skipsleia med og utan tunnel. Hamneforholda er framifrå. Med tilbod om ei god båtrute det ikkje utenkjeleg at fråflyttinga kan snuast til fleire fastbuande.