Kva slags båt skal erstatte «Øyglimt»?

Dette lesarinnlegget er også sendt som eit brev til Norled, avdeling Skyss, med med kopi til avisa Fjordenes Tidende, ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) og rådgjevar Kristin Maurstad i Kinn kommune.

Vi veit kva vi har, men framleis veit vi ikkje kva vi får når «Øyglimt» vert teken ut av ruta og denne uvissa gjev grobotn for rykter og spekulasjon om båt, storleik, bemanning, passasjer- og lastekapasitet.

For å få fram fakta om rutetilbodet etter 1. mai neste år, stiller vi sju konkrete spørsmål til ansvarshavande i Norled, avd. Skyss, og vonar at svara vil vere opplysande og avkrefte diverse spekulasjonar som no er ute og går.

Desse spørsmåla treng brukarar av «Øyglimt» å få svar på:

1. Fakta om båten som skal setjast inn: storleik, bemanning, passasjerkapasitet, lastekapasitet og dimensjon på lastekran

2. Skal båten bemannast med ein eller to personar? Hvis berre med ein – er dette forsvarleg i eit område utsett for ekstremvêr?

3. Er dette båt med bauglem? Kaianlegg langs stoppestadane på «Øyglimt» si noverande rute er ikkje tilrettelagt for bauglem.

4. Kjem båten til å trafikkere same ruteoppsett som «Øyglimt» gjer i dag? Hvis ikkje, kva slags ruter skal setjast opp?

5. Vi veit at «Øyglimt» er ein framifra sjøbåt som går sjølv når Norled sin hurtigbåt mellom Bergen og Selje vert innstilt grunna uvêr. Er den nye båten ein like god sjøbåt som «Øyglimt» og har same framifrå mannskap som «Øyglimt» har?

6. «Øyglimt» sikrar Måløy, heile Vågsøy og fastlandet kritisk infrastruktur ved ekstremvêr når t.d. Måløybrua er stengt. Ved stenging av Måløybrua grunna storm og orkan har «Øyglimt» vore redninga og frakta elevar, arbeidarar og sist, men ikkje minst lege og helsepersonell, fram til sjuke og pleietrengande og sørgd for sjuketransport over Måløysundet.

«Øyglimt» er kriseløysing for transport ved dramatiske og uventa hendingar og vêrtilhøve som hindrar annan kommunikasjon på veg og sjø. Kan det garanterast at den nye båten kan fylle behovet for kritisk infrastruktur under ekstreme vêrtilhøve like godt som «Øyglimt» gjer? Hvis ikkje, kva slags kriseberedskap ligg føre?

«Øyglimt» fyller ein viktig del av det samfunnsansvaret det offentlege har for befolkninga – varetek liv og helse under ekstreme vêrtilhøve, tilbyr eit trygt rutetilbod, postdistribusjon, renovasjon t.d. transport av avfallscontainerar frå Silda til Måløy, transport av passasjerar under bygging av tunnel til Raudeberg, truleg behov for god båt i samband med bygging av skipstunnel i Selje og ymse anna.

Igjen: vi veit kva i har så lenge «Øyglimt» går, men får vi utfyllande og gode svar på spørsmåla vi har stilt, veit vi meir om kva vi får etter at «Øyglimt» er teken ut av ruta. Uvisse er det aller verste. Det offentlege har ei klar opplysings- og informasjonsplikt overfor sine brukarar og er nok klar over dei uheldige konsekvensane av manglande openheit.

Vi vonar Norled/ avd. Skyss svarar på det brukarane av «Øyglimt» gjerne vil vite gjennom svar i avisa Fjordenes Tidende og sjølvsagt til underteikna.

Eit siste spørsmål og inderleg ønske:

7. Kan «Øyglimt» få halde fram i sitt noverande ruteopplegg??