Svar til Randi Humborstad
Det skapar verken samhald eller samarbeid at vi internt i regionen spelar kanonball i avisene med skyts på kvarandre og tolkar svar slik det høver oss best.
I mitt innlegg var eg tydeleg på at vi må arbeide for at våre ungdomar i framtida får like stor breidde i sine valmoglegheiter i vidaregåande skule som i andre regionar i Vestland, og at vi må kjempe for at tilbod ikkje blir flytta ut av regionen. Det er viktig at næringslivet peikar på dei behov vi har i regionen vår, ikkje minst synleggjer kompetanse vi kjem til å ha bruk for i framtida.
«Ordførere og vgs-rektorer i Nordfjord bør møtes og snakke om et oppriktig samarbeid som gagner alle»
Eg har ikkje sagt noko om flytting av ei line frå Måløy til Eid. Eid vidaregåande skule har alltid har hatt to liner vg1 studiespesialisering, og i år er det søkjartal for å starte begge. Dette vert støtta av eit breitt næringsliv i Stad.
Samtidig kjempar vi for å behalde det einaste tilbodet FBIE vi har i gamle Sogn og Fjordane, ei line som i tråd med behov i næringslivet og som Nordfjord har behov for.
Eg vil absolutt støtte Randi Humborstad i at vi samlar oss om å finne dei beste løysingane for Nordfjord.