Dette innlegget er eit svar på Anders Lien sitt innlegg i Fjordenes Tidende 12.12.23 – «Manglande vilje, ikkje økonomi stoppar Bryggja omsorgssenter og Sunnivahallen».

I det nemnde avisinnlegget under avsnittet «Fråvær av politisk styring» kjem Anders Lien med påstandar om Stad Vekst som vi opplever som løgn. Desse påstandandane har vi dessverre høyrt fleire gonger før, men når dei blir servert i offentlege fora med – som vi opplever det – klar intensjon om å sverte selskapet og spre feilinformasjon med vitande vilje, då kan dette ikkje lenger stå uimotsagt.

Stad Vekst AS er eigd av næringslivet i Stad kommune, i alt 66 bedrifter. Selskapet blei skipa i 2019, og formålsparagrafen er «å fremje næringslivsinteresser i Stad kommune, samt organisere og gjennomføre prosjekt som fremmar næringslivet sine interesser».

Det er ikkje utbytte på aksjane, eventuelle overskot skal gå til å arbeide ytterlegare for næringslivet i kommunen.

Då tidlegare Eid og Selje kommunar slo seg saman ønskte både næringsliv og kommunar å etablere eit felles vekst- og næringsselskap for den nye kommunen. I samband med etableringa vart det utarbeida ein samarbeidsavtale med Stad kommune for åra 2020-2023.

Med referanse til samarbeidsavtalen har Stad Vekst fått tilsaman 3 x 500.000 sidan oppstart (500.000 for åra 2020, 2021 og 2023.)

For 2023 vart samarbeidsavtalen forsterka med ein handlingsdel frå Stad kommune, og det er denne avtalen Stad Vekst har arbeidd etter i 2023 og som skal dekke tilskotet på 500.000 kroner.

Samarbeidsavtalen har 11 hovedpunkt med fleire underpunkt som Stad Vekst har ansvar for å gjennomføre. Denne kan vi med godt samvit krysse av på alle punkt gjennom effektivt samarbeid med Stad kommune.

Til saman har Stad Vekst sidan oppstart i 2019 dermed fått 1,5 millionar kroner og ikkje 3 millionar kroner som Anders Lien påstår i sitt innlegg.

Til samanlikning fekk nærings- og vekstselskapa i nabokommunane betydeleg større tilskot frå sine respektive kommunar.

I 2023 har Stad Vekst hatt god aktivitet. Vi har skapt møteplassar og halde møte i ytre og indre del av kommunen med tema som vi meiner er viktige for utviklinga av næringslivet vårt; bærekrafts-rapportering, bruk av kunstig intelligens og effektivisering gjennom auka digitalisering, FORREGION og moglegheiter for finansiering knytt til forskningsverkty, for å nemne nokre.

Vi har hatt møte med næringa både på Stadlandet, Selje og Nordfjordeid og delteke på ope møte på Bryggja. Vi har vore aktive med bedriftsbesøk særleg i ytre, både i Selje og på Stadlandet, og innspel vi har fått i desse møta har vi vidareformidla overfor Stad kommune, Statens vegvesen samt Stortingsbenken for Sogn og Fjordane.

Vi har etablert Stad Vekst U40 med kick off både på Nordfjordeid og på Stadlandet, og vi er med å hjelpe eit bedriftsnettverk av reiselivsbedrifter i Selje og på Stadlandet. Arbeid med lobbyering knytt til Stad skipstunnel, utarbeiding av leverandørliste til Kystverket, samt prosjektleiar-ansvar for forprosjektet «Ringverknader knytt til Stad Skipstunnel» har vore svært ressurskrevjande for Stad Vekst i 2023, eit arbeid som særleg næringsliv i ytre del av kommunen vil nyte godt av.

Stad Vekst har også arbeidd med utvikling av Nordfjordeid sentrum; gjennom Eideakonseptet og open Eidea-lab der innbyggjarar og næringsdrivande kan kome med idear til utvikling. Vi har nyleg gjennomført Utdanningsdag saman med Eid vidaregåande skule for alle 10-klasseelevar i kommunen vår.

Stad Vekst har fleire idear og prosjekt på blokka for 2024. Vi har nyleg utarbeida strategi- og handlingsplan for 2024-2026, med klare målsettingar for vekst og utvikling i heile den langstrakte kommunen vår.

Vi treng å stå saman i kommunen vår om vi skal få den utviklinga vi ønskjer oss, og vi i Stad Vekst opplever å ha god dialog med næringslivet i heile kommunen.

Ja, vi skulle så gjerne ha gjort mykje meir, og vi arbeider for å auke ressursane våre framover.