På formannskapsmøtet den 01.12.23 var to viktige saker til handsaming. Begge presenterte på ein einsidig og mangelfull måte. Bryggja omsorgssenter (BOS) og Sunnivahallen i Selje. Formannskapet slutta seg til administrasjonen si innstilling i begge. BOS vart vedteke nedlagt og Selje Idrettslag sin invitasjon til samarbeid om drift av Sunnivahallen vart avvist. Vedtaka vart grunngjevne med dårleg kommuneøkonomi.

At begge prosjekta vil løyse sårt tiltrengde samfunnsoppgåver på ein lønsam måte vart ikkje nemnd. Heller ikkje at dei vil vere viktige tiltak for å skape optimisme, bulyst og positiv utvikling i ytre del av kommunen. Tidlegare administrative og politiske lovnader syntest gløymde. Her er det nokon som enten manglar samvit, har avvikande motiv eller svært kort minne.

Opprusting og vidareføring av BOS

Det er ulike oppfatningar av kva dei to tiltaka vil belaste kommuneøkonomien med. Held vi oss til kommunen sine eigne tal, har BOS eit investeringsbehov på ca. kr 20 mill. (14 mill. til brannsikring og kr 6 mill. til generell opprusting). Frå dette kjem eventuelle statlege tilskott til slike tiltak. Årlege driftskostnader er stipulert til kr 11 mill. med fråtrekk av ca. kr. 2,5 mill. i brukarbetaling ved fullt belegg. Netto årlege driftskostnader i BOS blir dermed ca. kr 8.5 mill. Det er grunn til å hevde at desse omsorgsplassar vert billigare å drifte enn i eit nybygg i kommunesenteret.

Samarbeidsavtale om Sunnivahallen

For Sunnivahallen vert der ingen kommunale låneopptak. Årlege driftskostnader har kommunen stipulert til kr 11 mill. inkl. ekstraordinære garantikostnader. Beløpet inkluderer betaling for kommunalt bruk til lovpålagt symjeopplæring og anna offentleg aktivitet. Kommunen si økonomiske belastninga vert ikkje større for Sunnivahallen enn med å halde i gang tilsvarande tilbod på Eid. Risikoen med garantistilling kan ein sjå bort frå då leigeinntekter frå kommunen vil vere den vesentlege inntektskjelda.

Bortfall av investeringsmidlar til opprusting av symjebasseng på Selje Skule føreset eit bindande vedtak som sikrar at det vert inngått samarbeidsavtale om Sunnivahallen.

Fråvær av politisk styring

Det er tydeleg at kommuneleiinga har lukkast med politikaropplæringa. Lite politisk debatt, og i stort sett alle saker vart administrasjonen sine framlegg til vedtak klubba gjennom. So også budsjettet som vart vedteke med 3 små endringar.

Mellom anna vart det privateigde selskapet Stad Vekst AS, tildelt kr 0,5 mill. for 2024. Men det ligg i korta at avtalen er tenkt vidareført i heile valperioden slik at totalkostnaden vert kr 2 mill. Dette er ei uforståeleg prioritering sett i lys av kommunen sin dårlege økonomi og at selskapet for perioden 2019 – 2023 fekk nærmare kr 3 mill. av fellesskapet sine midlar. Resultatet tilbake var særdeles magert. Kva som er endra no, og korleis ei ny avtale vil gagne fellesskapet, er vanskeleg å forstå.

Dessutan såg formannskapet seg råd til å auke eiga godtgjersle med ca. kr 0,9 mill. pr. år og løyve kr 0,25 mill. til Nordfjordbrua AS. Etter mitt syn er begge svært umusikalske vedtak i den økonomiske situasjonen Stad kommune er i.

Det er smått utruleg at formannskapet ikkje fann grunn til å gjere større endringar i budsjettframlegget. Vi forventar meir enn dette av dei politikarane som er valde til å styre Stad kommune. Sjå til Kinn og lær.

Moglege omprioriteringar

For å realisere dei to prosjekta krevst at ein synleggjer dekning av investeringar på ca. kr 20 mill. i tillegg til netto årlege driftskostnader på ca. kr 20 mill.

Noko av investeringsbehovet vil kunne finansierast gjennom ekstraordinær statlege ordningar. Restbeløpet vil vere mogleg å finne dekning for innanfor dagens budsjettrammer. Eksempelvis «Ny brannstasjon i Selje». Her er ny ambulansestasjon for Helse Førde til kr 20 mill. med Dette må vere feil prioritering då det bind opp kommunen sine investeringsmoglegheiter med tilsvarande beløp. Helse Førde kan byggje sjølve, gjerne inntil den nye brannstasjonen. Stad kommune treng sjølve det økonomiske handlingsrommet dei kan sikre seg. Dessutan vil brannstasjonen kunne byggjast fleire mill. billegare dersom ein vel ei anna tomt i Selje sentrum. Lokasjon 5 med avkøyring frå FV 619 er utvilsamt det beste og billigaste alternativ.

Om ein treng større handlingsrom til finansiering av investeringane i BOS, kan mellom anna opprusting av vegkrysset Sjøgata – RV. 15 og kommunehuset på Eid samt bustadfeltet i Langelandåsen med fordel utsetjast.

Dei vesentlege driftskostnadene for desse prosjekta vil vere dekka gjennom eksisterande budsjettpostar. BOS som del av helse og omsorg, Sunnivahallen som del av oppvekst og opplæring. Underdekninga er difor langt mindre enn dei 20 mill. som er antyda. Dessutan vil dei to prosjekta tilby lovpålagde og standard tenester som allereie er etablert i indre del av kommunen. Ei realisering vil utgjevne skilnader mellom Eid og utkantane.

Det er vanskeleg å få detaljoversikt over kva kommunen bruker pengar på. Men driftsbudsjettet for 2024 balansera med ca. kr 811 mill., ein auka med kr 63 mill. samanlikna med revidert budsjett 2023. Dersom viljen er til stades må det difor vere moglegheit å finne plass til omprioriteringar på 2,5 % som disse to tiltaka krev for fullfinansiering, Utsetjing av andre prosjekt, redusert bruk av innleigde konsulentar og færre prosjektstillinga i sentraladministrasjonen er slike tiltak.

Etter ein rask gjennomgang av budsjettet er det identifisert postar på til saman kr 4,65 mill. pr. år som enkelt kan strykast/omdisponerast.

  • Bortfall av assisterande rådmannsstilling, ca. kr 1,5 mill.

  • Tilbakeføring av Oklafondet til kommunal kontroll ca. kr 1,5 mill.

  • Bortfall av støtte til Stad Vekst AS kr 0,5 mill.

  • Bortfall av auke i politikarløner Kr 0,9 mill.

  • Bortfall av støtte til Nordfjordbrua kr 0,25 mill.

I tillegg kjem andre årlege tilskott til tiltak rundt Eid på til ca. kr 2.7 mill. som også bør kunne omdisponerast til desse tiltaka. Namn skal ikkje nemnast i denne omgang, men lista er lang. Det er og å forvente at dreneringsutfordringane ved etablering av bustadfelta i Hogaåsen og Langelandsåsen kjem klart fram i ROS-analysar. Og at kostnadene difor vert dekka direkte av den enkelte tomtekjøpar, ikkje gjennom budsjettet.

So er det å håpe at ein slepp kommunalt resursbruk på Statens hus, Norsk Hestesenter, Eid idrettspark og andre investeringsprosjekt rundt kommunesenteret inntil BOS og Sunnivahallen er på plass. Dessutan, det vert forventa same entusiastiske og aktive støtte frå administrasjonen og sentrale politikarar til desse prosjekta som til nemnde tiltak rundt Eid.

Etter mitt syn, er det økonomisk handlingsrom i budsjettet til rask realisering av både BOS og Sunnivahallen. Men då må politikarane vere villige til å ta politisk styring, samt endre etablerte budsjettrutinar og haldningar til korleis kommunen skal utviklast i tråd med vedtekne strategiar. Håpar dette kjem til syne allereie på fyrstkomande kommunestyremøte.

Budsjettauken vitnar ikkje om moderasjon i økonomisk vanskelege tider. Derimot ein administrasjon utan styring, men med einsidig foks på utvikling av kommunesenteret. Det endar sjeldan bra.