Bremanger skal få vere fri!

Regjeringa vil gje kommunar i distrikta større fridom til å styre eigne areal. Eg er glad Olve Grotle har det same målet.

I eit innlegg i Fjordenes Tidende 22. november argumenterer stortingsrepresentant Olve Grotle (H) for at kommunar som Bremanger må få «reell fridom til å planlegge areal til bustader, næringsareal og andre viktige formål».

Eg kunne knapt formulert målet betre sjølv. No gjer vi òg noko for å nå dette målet. Og sjølv om middelet for å nå målet har det litt tunge namnet «Statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging», er det i dette dokumentet løysinga finst.

I dag styrer kommunane på bakgrunn av dei gamle planretningslinene som Olve Grotle sitt parti, Høgre, laga. Dei er for rigide. Eg kjem til å legge fram nye som er meir differensierte og gjev kommunane større høve til å planlegge ut frå sine føresetnader.

Her skal vi finne balansen mellom internasjonale krav, nasjonale mål og lokale behov. Regjeringa har eit klart mål: Det skal bli større skilnad på områder med høgt utbyggingspress og distriktskommunar der utfordringa ofte er å skape aktivitet.

I byar og befolkningstette områder skal hovudtyngda av bustader, arbeidsplassar og servicetilbod plasserast slik at ein kan reise kollektivt og miljøvenleg. I områder med lavt utbyggingspress og lavt eller fallande folketal skal retningslinjene bidra til utvikling av levedyktige lokalsamfunn.

Eg har stor tru på at både innbyggarane og dei folkevalde i Bremanger og andre norske distriktskommunar klarer å finne ein god balanse mellom nasjonale omsyn og lokale behov, og ser derfor fram til at dei skal få meir fridom til å styre eigen arealbruk.