Mange kommunar slit med forgubbing og folketalsnedgang. Det gjeld særleg kommunar i distrikta. Den negative utviklinga akselerer i fleire kommunar. Ein av desse er kommunen eg sjølv vaks opp i, Bremanger kommune. Situasjonen er dramatisk, og det paradoksale er at vi gjer det verre for dei.

Folketalet i Bremanger har gått ned 15% sidan 2003, og 8% dei siste 5 åra. Det er urovekkande. Det mest dramatiske er likevel fødselstala. Talet på nyfødde har (pr 1. oktober) i same periodar gått ned høvesvis 67% og 43%. I dei første 9 månadane i år har det berre blitt fødd 13 nye bremangarar. For ein kommune med 3432 innbyggarar gir det grunn til stor uro.

Det er mange grunnar til den negative utviklinga, og det er langt frå alt vi politikarar og byråkratiet kan gjere noko med. Men nokre forhold rår vi over. Den siste tida har Firdaposten hatt ein artikkelserie som på ein god måte illustrerer utfordringane storsamfunnet gir lokalpolitikarane.

I fleire år har Bremanger kommune prøvd å få vedtatt ny arealdel til kommuneplanen. Den er nå langt på overtid, noko som i stor grad skuldast statsforvaltaren og fylkeskommunen sin innvendingar. Den statlege og fylkeskommunane motviljen går på vern av kystlandskap, strandsone, matjord, og til og med at kommunen er for optimistiske med tanke på kor mange som kan kome og bygge og bu i Bremanger.

Intensjonane bak regelverket er velkjent: Frykta for Oslofjord-tilstandar, storstilt privatisering i strandsone, tap av verdifull matjord og øydelegging av vakre kyst- og kulturlandskap.

Men verdiane dette regelverket skal beskytte, står i liten grad i fare i Bremanger. Det same gjeld mange av dei andre kommunane på Vestlandet. Det som derimot utgjer ei stadig større fare er nedgang i folketal og fødslar, reduksjon av viktige offentlege og private tenester, forvitring av kapital og investeringar i næringsliv, arbeidsplassar og offentleg infrastruktur. Ja, nokre plassar på Vestlandet kan ein snart snakke om ei avfolking, kor naturen er i ferd med å  ta menneskapt aktivitet tilbake.

Det er eit uttalt politisk mål at vi skal legge til rette for vekst og utvikling i distrikta våre, og at dei skal få utnytte ressursane og fortrinna sine. Og ulike regjeringar har gjort forskjellige grep for å oppnå dette. Som tidlegare ordførar i Førde og Sunnfjord kommune, såg eg at Solberg-regjeringa si meir liberale handheving av regelverket var bra. Det same var arbeidet for ei sterkare differensiering av regelverket i favør av distrikt og spreidd-bygde strøk, noko dagens regjering òg er opptatt av.

Trass gode intensjonar og god vilje har det neppe blitt enklare for distriktskommunane. Truleg går det i motsett retning, i alle fall tar ein med eit stadig sterkare fokus på klima, miljø og naturmangfald.

Saka i Firdaposten viser ein avgrunn mellom det folkevalde og administrasjonen i Bremanger meiner er dei reelle og største utfordringane kommunen har, og det storsamfunnet er opptatt av. I staden for å oppfylle samstemte rikspolitiske syn, tek regelverket bort dei naturlege fortrinna kommunane har, og frårøvar lokalsamfunna sjansen til å få folk til å etablere seg, anten det er som næringsdrivande, fastbuande eller fritids-buande.

Kommunar som Bremanger har potensiale for å kunne snu ei negativ utvikling, ikkje minst knytt til naturgitte og stadbundne fortrinn, bulyst og verdien som ligg i mindre lokalsamfunn. Men då må kommunen få reell fridom til å planlegge areal til bustader, næringsareal og andre viktige formål. Bremangarane er òg godt i stand til å balansere ulike interesser og ta omsyn til viktige verdiar. Slepp derfor Bremanger fri!