Kommentarar til diverse artiklar og innlegg om M/S Skulebas i media

Kva som ikkje fungerer om bord i M/S Skulebas:

  • Garnhalar er plassert feil for. Beteninga av denne er plassert slik at ein ikkje ser der dei farlege operasjonane kan oppstå.

  • Vinsjane for trål og snurrevad er for svake.

  • Kranen bak på båten klarer ikkje å løfte inn fisken

  • Eignemaskina måtte bytast

Eg ser i Fjordenes Tidende av 5. mars at prosjektleiar Stig Antonsen hevdar at dette ikkje skal vere ei fangstmaskin men «ein båt som skal drive demonstrasjonsfiske».

Eg trur då at Antonsen har misforstått oppgåva si som prosjektleiar, viss det er slik at han har leia eit nybyggingsprosjekt som har til formål å drive demonstrasjonsfiske. Slik eg les bestillinga frå Vestland fylkeskommune har dei bestilt eit opplæringsfartøy, noko som også er bekrefta i utarbeidd byggespesifikasjon.

Det er himmelvid forskjell på demonstrasjonsfiske og opplæring i ulike fiskeri.

Å hevde at M/S Skulebas er ein kompakt og komplisert båt kjem an på kva slags auge som ser. I mine auge er ikkje dette ein komplisert båt. Og ser ein på kommersielle fiskefartøy rundt 15–20 meter som blir bygde i dag, er dei langt meir kompliserte og fullspekka av utstyr.

Korleis kan Antonsen hevde at risikoen for skadar er minimert om bord i denne båten, når vi som lærarar kom om bord og der ikkje var utarbeidd ei einaste risikovurdering for dei ulike fiskeria? Noko som skal vere med båten frå dag ein. Dette var det første vi som lærarar måtte ta tak i for i det heile å få lov til å ha elevar om bord.

Det er heller ikkje rett, som Antonsen hevdar i same intervju, at alle funksjonar og metodar er testa. Dette stemmer ikkje.

Eg viser her til 1.3.0. i spesifikasjonen kor det står klart og tydeleg: «Under denne prøveturen vil alt fiskeleitingsutstyr, fiskeutstyr, dekksutstyr, samt sirkulasjonsutstyr testast nøye.

No må Antonsen hugse at båten er dansk til alt er testa og godkjent, og ein har føretatt overlevering. Så å bruke som argument at ein ikkje har kvote i Danmark er ikkje god nok grunn til å la vere å utføre dei testar som står i kontrakten. Dette kunne ha vore gjort i norsk farvatn. Ein kan ikkje legge til grunn at funksjonstesting av utstyr er det same som fiskeprøve. Meiner ein noko slikt, har ein avgrensa greie på fiskeri.

Eg ser også at prosjektleiaren gjer eit nummer av at det ikkje skal vere personar oppe på shelterdekk under garnfiske. All betening av drageutstyr skal gjerast frå styrehus av skipper. Dette vil medføre at fokus til skipper blir retta frå navigering til betening av fiskeutstyr. Noko som krev full merksemd av den som køyrer garnhalinga. Ein vil då bryte sjøveisregel 5 som omhandlar førebygging av samanstøyt på sjøen.

Ser ein på dokumentasjonen som er gjort på sjøprøva og fiskeprøva, så er det testa line der kom det fram merknadar.

Ser ein på trål, så er der ingen merknadar. Når vi veit i ettertid at den fisketesten av trål ikkje gjekk føre seg på reell djupne, og medførte at vaierane mista innlagt tørn, så burde det ha vore anmerka i testloggen.

Båten skal ifølge spesifikasjon også vere rigga for reketrål. Det er ikkje utført test av reketrål, og det er heller ikkje montert rekesollingsmaskin og rekekokar. Når vi ser på trekkrafta på vinsjane. så vil ein få problem i rekefiske. Det er ein kjent sak at ein tidvis køyrer tråldørene fast i leire og blir hengande fast. Det er også vanleg å få leirsekkar der trålen blir delvis fylt med leire. Ein har då ikkje krefter med desse vinsjane til å få dette opp frå botnen. Dette burde prosjektleiaren vite om han har fiska med reketrål.

Eg finn heller ikkje dokumentasjon på at det er utført fiskeprøve med snurrevad, noko som kom klart til syne då elevane var med ut på Stadhavet for å prøve dette fiskeriet. Det var lite som fungerte, og ein person fekk skade. Dette var ting som skulle vore avdekt under bygging i Danmark.

Eg ser også i Fjordenes Tidende av 19. mars at Antonsen hevdar at vi hadde fleire vellukka kast med snurrevad før den eine vinsjen låste seg. Korleis kan han hevde det når han ikkje var om bord? Vi hadde ikkje eitt einaste vellykka kast den tida eg var ute med fiske og fangst-elevane.

Når så Antonsen ikkje ville stusse på å sende sonen sin ut på fiske med Skulebas, så tar vi lærarar dette som eit kompliment nettopp fordi han veit at vi som er ansvarlege om bord vektlegg tryggleik for elevane framfor alt.