Vi treng svar - kvar skal kutta i skulesektoren gjerast no?

Dette lesarinnlegget er skrive av Maria Faye Saure, FAU Krokane skule på vegner av FAU Florø barneskule, FAU Eikefjord barne- og ungdomsskule, FAU Brandsøy skule og barnehage, FAU Torvmyrane skule, FAU Stavang skule og FAU Krokane skule.

Dei siste dagane har det vore mange lesarinnlegg i media vedrørande skulestrukturen i Kinn kommune. Mange er engasjerte, slik det bør vere i slike saker. 30.11.23 vart det halde eit ekstraordinært kommunestyremøte der det blei vedtatt at Skram skole skal sendast ut på anbod med plass til 250 elevar, ikkje med ein moglegheit for 400 elevar slik som foreslått av kommunedirektøren.

Vi har ein skulebruksplan som skal ut på høyring no i vinter. Vi meiner at endelege avgjerder knytt til størrelse på skular og endring av opptaksområder må vente til denne planen er vedtatt. Ved å vedta at Skram skole berre skal romme 250 elevar, kan vi ikkje sjå anna enn at politikarane allereie no legg sterke føringar for skulestrukturen i nord. Det blir vanskeleg, om ikkje umogeleg, å gjere innsparingar på skulestruktur i skulane i den nordre delen av kommunen.

Dette er ikkje ein politikk som verkar samlande for menneska i kommunen vi bur i. For sjølv om samtlege FAU i Kinn kommune har vore opptekne av at vi ikkje skal gjere det til ein kamp mellom nordre og søndre del av kommunen eller mellom skulane, gjer politikarane det til nettopp det.

Ordføraren kunne  i kommunestyremøtet ikkje svare  på spørsmål om kutta no kun skal gjerast i skulane i sør, dette meinte han at ein må vente med å få svar på i framlegget til budsjett. Dette er ikkje eit svar vi kan godta og vi ser oss derfor nøydde til å seie i frå, for det kan ikkje vere slik at elevane i søndre del av Kinn skal sitte att med svarteper i dette politiske spelet.

VI vil ha eit svar av politikarane som sit med makta i kommunen vår. Kvar skal kutta gjerast no når Skram skole kun vert bygd for 250 elevar?